3 poeng i sereiopninga for G14 laget

3 poeng i sereiopninga for G14 laget

Fotballkampar kan vere nervepirrande og engasjerande  til siste sekund. Føre til neglebiting og frustrasjon på sidelinja. Serieopninga for 14-årslaget hadde ikkje desse ingrediensane ! Spenningsnåvået var ikkje høgare enn at ein av supportarane gjekk heim i pausen fordi sola gjekk ned(!).

Det var vel det ein kan kalla «feige lag».  Kampen utvikla seg til å bli ei grei treningsøkt der gutane fekk høve til å øve på pasningsspel og avslutningar. Dei skal ha honnør for at dei heldt trykket oppe utover i kampen. Etter sjansesløseri i 1. omgang var både spel og avslutningar betre  etter pausen

Så mange fleire konklusjonar skal me ikkje etter denne kampen. Men det er bare å gle seg til serien startar for alvor med 11-er fotball i neste veke.

Målskorarar (med forbehald om feil, ikkje ein gong spelarane sjølv visste kor mange mål dei hadde skora!):

André: 10, Camilo: 8, Håvard: 4, Daniel: 3, Knut: 2, Eirik: 2, Mats: 1, Gisle:1

For ein skarve skribent gjekk det aldeles i badl med å  halde styr på assist og når måla kom…. Men så vidt me fekk me oss var ikkje dommaren framme med kortstokken. Og det hadde han heller ikkje grunn til. For det skal Vedavåg ha: Nokre råtassar var dei ikkje…

Neste kamp i kretsserien er borte mot Stegaberg mandag 7. april.

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Eirik Halgunset,  Håvard Fattnes, André Vatland, Daniel Espe

Innbyttarar:  Robin Straabø, Camilo Schibevaag , Gisle Jordebrekk