fotball
Aldri før har seniorane til Suldal hatt fleire treningskampar enn framfor sesongen 2014. Dette er i hovudsak grunna mange nye spelerar og det å få integrert desse i laget.

Tidlegare har me hatt kampar mot Sauda og Jarl der me har tapt med store siffer. Ikkje at me har vore så fryktelig dårlige heile tida, men ujevne i prestasjonane. Likevel har me nå hatt to gode gjennomkjøringskampar mot henholdsvis POL og Hjelmeland der me har vist at me kan bli å rekna med i 6 divisjon komande sesong.

Mot POL stilte me med mange unge spelerar i tillegg til to karar som vel ikkje har spelt 11-fotball som senior før. Ingen av desse gjorde seg bort mot dei blå frå Stavanger og når dommar bles av kampen var stillinga 2-2. Måla kom av Jone, som kan visa seg å var ein målfarlig herremann denne sesongen.

Laurdag 5 april tok me imot divisjonskollega Hjelmeland til generalprøve før serien brakar laust 27 april. Det vart ei god gjennomkjøring i ein kamp der me førte heile banespelet og vann 4-3.
Dette viser at me kan vera med å kjempa oppe i toppen i dette årets 6 divisjon.

Nærare profil på nye og gamle spelerar kjem seinare.