Gisle vart dagens suldalsgut med 2 mål og flott spel på venstrekanten

Gisle vart dagens suldalsgut med 2 mål og flott spel på venstrekanten

Etter ein litt spesiell 7-er kamp i førre veke, er G14-laget no endeleg i gang med 11-er kampane. Og etter ein del spelemessig rusk i suldalsmaskineriet i treningskampane, ser det no ut til at formen er i anmarsj. Som i fjor vart det ein jamn kamp mot karane frå Frakkagjerd, og no som då avgjorde Suldal kampen med skoring like før slutt.

Men det starta på verst tenkelege vis. For då alle høyrde at dommaren bles fekk i gang kampen, vart suldalsgutane ståande å sjå på medan Stegaberg slo ein lang ball i bakrommet. Ballen låg i mål før denne referenten hadde fått tid til å starte klokka, men meir enn 24 sekund kan det ikkje ha tatt!

Men Suldal lot seg ikkje prege av denne kalddusjen. Fleire angrep vart rulla opp, og på ein presis korner frå Eirik var Gisle frampå med ein perfekt heading i nota. Vakkert! Utover i omgangen var det tydeleg at Suldal fekk eit spelemessig overtak. Spelarane fann kvarandre fint og var flinke til å bruke bredden. Bare nølande avslutningar hindra Suldal i å ta leiinga. Men mot slutten av omgangen klarte ikkje Stegaberg å stå mot lenger. Etter ein kanonade mot mål var det til slutt Kentaro som banka ballen i nettet. Suldal kunne dermed gå til pause med 2-1 leiing. Fortent nok, i og med at to avslutningar small i metallet bak heimelaget sin keeper.

Men skal kampar vinnast må det jobbast i knallhardt i 2 omgangar. Etter pausen var det Stegaberg som kom best i gong. Kvaliteten på pasningsspelet til Suldal var dalande. Det same var aggressiviteten i taklingane, noko Stegaberg visste å utnytte ved å kjøre raske overgangar då dei vann ballen. Likevel måtte det ein dødball til før utlikninga kom: Ein presis korner og fråverande markering vart utslagsgjevande. 2-2.

I ein jamnspelt andreomgang bølga spelet fram og tilbake. Begge lag kom til sjansar: Suldal ved å komme rundt på kantane og slå innlegg, Stegaberg ved å satse på lange ballar i bakrommet. Det kunne fort ha enda uavgjort, men etter gode prestasjonar på venstrekanten gjennom heile kampen var det til slutt Gisle som avgjorde kampen med si andre skoring for kvelden. Frå knappe 20 meters hald klemte han til. Keeper fekk bare fingertuppane på ballen som forvann vidare inn i nettmaskane.

Dermed vart det ein lett heimtur med 3-2 siger i bagasjen!

Neste kamp i kretsserien er heime mot Djerv 1919 2 måndag 28. april. Kampstad er enno uavklart.

Mål

1-0       1 min               Stegaberg

1-1       7 min              Gisle

1-2       27 min             Kentaro

2-2       44 min           Stegaberg

2-3       65 min             Gisle

 

Lag: Robin Straabø, Jone Odden, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Levar Sand, Gisle Fermann, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, André Vatland, Camilo Schibevaag

Innbyttarar: Aslak Fisketjøn, Pelle Tijhuis, Daniel Espe