Dagfinn Nærheim er tilbake i suldalsdrakta.

Dagfinn Nærheim er tilbake i suldalsdrakta.

Søndag 27 april brakar det laus ein ny fotballsesong for seniorlaget til Suldal IL i fotball.

Dette året skal vi prøve å måle krefter i 6 divisjon saman med lag som eksempelvis Hjelmeland. Målet vårt er jo som alltid å vinna kvar kamp og vi bør og kunne klare å vinne flesteparten av kampane våre denne sesongen. Ei plassering blant dei fire beste bør var ei realistisk målsetjing.

Til denne sesongen har vi eit rekord ungt mannskap som vil dominere lagoppstillingane. Likevel trur me at ungt pågangsmot og villighet til læring vil skaffa oss mange poeng denne sesongen. Laget blir også i år leia av Geir Sigmund «Simmen» Bratland medan Tor Olav Berge inntek ei litt tilbaketrukken rolle som støtte for Simmen.

Nye spelerar 2014:
Torjus Steine som ving/back f:1999
Sander Deilkås som def midt/midtbane f: 1998
Sven Kolstø som back/midtstoppar f: 1990
Patrick Weerstand som keeper f:1995
Dagfinn Nerheim som stoppar f:1994

Spelerar ut 2014:

Lars Lavalette som ving/back f: 1996
Bjørn M Steine som ving f: 1987

Spelerar som har trappa ned:

Nils Arne Moe back f: 1978

Vi er stadig på jakt etter nye spelerar til A-laget, men har nå ein såpass mannsterk tropp at vi i hovudsak ser etter klare forsterkningar som kan gå inn å heve laget.
Vi har også ein del spelerar som vil kunne bidra når dei er heime frå jobb/militæret.