Suldalsgutar i oppvarming før kampen mot Djerv 1919

Suldalsgutar i oppvarming før kampen mot Djerv 1919

På ei irrgrøn grasmatte på Eide kunne suldalsgutane innkassere sesongens tredje strake siger! Motstandarene frå Haugeund heldt godt følgje i første omgang, men etter pausen viste Suldal seg som det klart sterkaste laget.

Starten var prega av slurv og mange feilpasningar, og ingen av laga klarte å tilriva seg noko initiativ. Etter mykje frustrasjon og roping frå trenarapparatet pga manglande presisjon i spelet var det til slutt var det André som sendte heimelaget i føringa. Gisle kom åleine gjennom mot Djerv sin keeper. Uegogistisk sendte han ballen vidare til lagkompisen som effektivt ekspederte ballen i mål.

Det gjekk likevel ikkje mange minutt før Djerv fekk eit ypperleg høve til å komme ajour: Ei klar felling innanfor 16-meteren gjorde at dommaren utan å tvila peika

Gliytande strafferedning av keeper Marius

Gliytande strafferedning av keeper Marius

på straffemerket. Publikum heldt pusten i spenning medan Djervspelaren var i tilløpet. Men det var ingen grunn til uro: Keeper Marius slenger seg rett veg og avvergar det harde skotet til høglydt jubel frå tilskodarane.                                                                                                Mot slutten av omgangen var André på rett plass igjen slik at Suldal kunne ta seg ei velfortent pause med ei 2-0 leiing.

Andre omgang starta med to kjappe mål. Allereie i første speleminutt rotar Suldal det til for seg i forsvar og Djerv reduserer. Men Suldal kvitterer like etter då André set inn sitt tredje  for kvelden etter hard kjemping framføre mål . Og etter som omgangen vert eldre får Suldal meir og meir fasong på spelet. Mottaka sit, pasningar og løp likeså. Bare ei god målvakt hindrar dei blå i å auke leiinga i denne perioden. Men til slutt gir det spelemessige overtaket resultat. Camilo  mottok ballen utanfor 16-meteren, sette på turboen og banka ballen i nettet før djervkeepeeren før rekk å reagere. Gisle  fekk gleda av å fastsetje sluttresultatet til 5-1 etter flott angreppsspel på høgresida.

Nok ein vel gjennomført kamp av Suldalsgutane!

Neste kamp i kretsserien er borte mot Vard Haugesund 3 mandag 5. mai.

 

Mål:

1-0 21 min:    André

2-0 31 min:    André

2-1 36 min:    Djerv 1919

3-1 45 min:    André

4-1 47 min:    Camilo

5-1: 57 min:   Gisle

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Jørgen Lund,  Amund Norheim, Levar Sand, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, André Vatland, Daniel Espe, Gisle Jordebrekk

Innbyttarar:  Robin Straabø, Camilo Schibevaag , Tobias Mathisen