Marius, Mads og Daniel i oppvarming før Vardkampen

6 varmegrader, regn og sidevind gjorde måndagens kamp i Haugesund til ei nokså sur oppleving både for spelarar og publikum. Med unntak av nokre høgdepunkt midtvegs i første omgang var heller ikkje det som vart vist på banen eigna til å varme dei  4 bortesupporterane som  hadde tatt turen for støtte laget. Men sjølv på ein dag der spelet i store deler av kampen stod til middels minus, var suldalsgutane effektive framføre mål og drog sigeren i land. Og akkurat det er jo ein god eigenskap!

Kampen starta med eit spelemessig overtak til Suldal, sjølv om mange angrep rann ut i sanden på grunn av upresise pasningar og slurvete mottak. Men etter eit kvarter tok Gisle ansvar, sette fart mot mål og plasserte ballen kontrollert til side for keeper. Og dette var startskotet for ein særs effektiv 10-minuttsperiode for Suldal. Først skrudde Håvard ein korner rett i mål til 2-0. Like etter krangla Gisle ballen over mållinja etter eit nytt hjørnespark. Minuttet etter sette Camilo fart nedover høgresida. Han fann André med innlegget og det stod 4-0 til bortelaget. Og no gjekk det fort:  Omtrent rett frå avspark gjekk Suldal i angrep på nytt. André kom åleine gjennom, løfta ballen elegant over keeper, tok ballen igjen og plasserte den i det tomme målet. Like før pause fekk Vard ei redusering då suldalsspelarane i iveren etter fleire mål, vart ståande høgt med laget. Ein presis ball i bakrommet gjorde at ein vardspelar kom åleine med keeper og kunne redusere til 1-5.

Andre omgang var bortimot like trist som veret. Manglane konsentrasjon hjå suldalsgutane i avgjerande situasjonar gjorde at Vard kunne redusere 2 gonger. Suldal sleit med å finne rytmen i angrepsspelet, og ikkje ein gong i løpet av omgangen utnytta laget  det store rommet på kantane for å komme til innlegg. Gisle vart likevel 3-målsskorar då han på pasning frå Camilo fastsette sluttresultatet til 6-3.

Alt i alt ein fortent siger på ein dag der lite anna enn effektiviteten og humøret var på plass. Men smil og mål er tross alt ein ikkje uvesentleg del av fotballen!

 

Neste kamp er borte mot Ølen 2 tysdag 13. mai. Kampen vert spelt i Vikedal. Ikkje lenger unna enn at me og i denne kampen håpar på supportarstøtte!

Mål

0-1       15 min             Gisle

0-2       20 min             Håvard

0-3       24 min             Gisle

0-4       25 min             André

0-5       26 min             André

1-5       28 min             Vard

2-5       36 min             Vard

3-5       46 min             Vard

3-6       60 min             Gisle

 

Lag:, Marius Søraas, Jørgen Lund, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Levar Sand, Gisle Fermann, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, André Vatland, Camilo Schibevaag

Innbyttarar:, Robin Straabø, Daniel Espe, Tobias Mathisen, Jone Odden