Peterson vart einaste målskorar mot Ølen

Peterson vart einaste målskorar mot Ølen

Etter å ha cruisa gjenom dei 4 første seriekampane utan å sleppe inn mål, møtte Suldal sitt 16-årslag i fotball tøffare motstand i Ølen tysdag kveld. I følgje rapportar heldt Suldal godt følgje med heimelaget i første omgang, og først like før pause tok Ølen leiinga. Utover i andre omgang tok heimelaget meir og meir over, og det var derfor ikkje ufortent at dei påførte Suldal sesongens første tap. Fleire suldalsspelarar måtte melde forfall til denne kampen, og sjølv om alle som var disponible  jobba heroisk kampen gjennom, var det denne gongen ikkje nok til å ta poeng.

Suldal sitt mål vart skora av Peterson Tijhuis.

Neste kamp er lokaloppgjer mot Sauda heime tysdag 20. mai.

Lag: Marius Søraas, Mikkel Wigestrand, Torjus Steine,  Tom Wærnes, Jostein Hindenes,Tim Sparcholz, , Daniel Gjerde, Gjøran Torin Våge, Glenn Søraas, Gjermund Sandvik Halgunset, Sander Deilkås,

Innbyttar: Peterson Tijhuis