ild
Prestavikjo viste seg frå si beste side denne laurdagen i mai då Suldal tok imot Ild til dyst i den andre kampen for sesongen

Ild er ein forholdsvis ung fortballklubb med berre eit lag i organisasjonen sin. Sist me møtte dette dette laget var for to år sidan ¨då me møttes i 5 divisjon. Sidan då har Suldal rykka ned ein divisjon og Ild tok turen ned i 7 divisjon på grunn av at dei ikkje ville spele i nord-pulja. Dei tidlegare kampane mellom Ild og Suldal har enda i stortap for oss, så me visste at dette var eit lag me måtte var på topp for å skaffe oss poeng.

Denne laurdagen var det konfirmasjonshelg i Suldal, så hovudtrenar Simmen var fråverande for å trø i seg mykje god mat i Skomakarteigen. I hans fråvær var det Tor Olav og Sveinung som stod for lagleiinga.

Frå tidlegare år til denne sesongen så er det stor framgang i spelet vårt. Ballen går mykje fortare, bevegelsane er betre og organisatorisk opptrer me mykje bedre som eit kollektiv enn før.

Før kampen snakka me om å strekkje motstandar, markere tett og vera kyniske. Dette iblanda god bevegelse og kommunikasjon, samtidig som heile laget jobbar for kvarandre skulle vera suksessoppskrifta.

Ild var likevel det laget som prøvde og kom til nokre halvsjansar i starten av kampen, utan at det var dei største farlegheitene. Me fekk ein del dødballar utover i første omgang, og det var på eit hjørnespark frå Sander at dei gulsvarte skulle gå opp i leiinga. Hallvard var, som sist kamp god då han kom seg laus og med hjelp av ryggen sin klarte å få ballen i nettet bak ein forfjamsa målmann i buret til bortelaget. Likevel skulle vi ikkje gå til pause i denne kampen heller, for om lag ti minutt seinare vart me straffa på ei kontring. Dei svartkledde frå Storhaug kom i stor fart framover og fekk til eit skot som Erik redda, men bare nok til at returen lett vart sett i mål av bortelagets spiss.

I pausen prata me om at me gjorde mykje rett, men me måtte opp med pasningssikkerheten nokre hakk.

Kampen var vel syttifem minutt gammal då me skulle få nok ein dødball frå Sander. Den unge sandbuen med silkefoten traff hovudet til Jone som ikkje gjorde noken feil framfor «kassen» til bortelaget. Ei på dette tidspunktet fortent leiing i favør Suldal var eit faktum. Det kan verka som at Ild fekk ei lita vitamininnsprøytning av dette målet i mot for dei byrja å trøkke meir og meir på mot heimelaget sitt målområde. Om lag seks minutt før dommaren skulle blesa oppgjeret av, kom Ild gjennom forsvaret og inn i 16-meteren vår. Her vart spissen deiras felt og straffa var soleklar. Straffetakaren var sikker frå 11-meteren og utleiinga var grei nok. Sjøl om bortelaget presterte å pådra seg to raude kort i sluttminutta, makta ikkje suldalsgutane å sette fleire mål og kampen «ebba»ut i eit greit uavgjort resultat.

Me tek likevel med oss at me er eit lag i framgang og me har noko spanande på gang med dette laget. Fredag 16 mai skal vi på besøk til Buøy og møte deira 2-er lag. Dette er ein kamp me verkeleg vil vinna for å befeste posisjonen vår blant topplaga i avdelinga vår.

Mål/assist
Hallvard/Sander
Jone/Sander

Gule kort: Jone og Sveinung

Laget: Erik W Vold, Ingve Berge, Tor Olav Berge, Mikkel Wiegestrand, Tommy H Espe, Hallvard Erfjord, Johannes Wiegestrand, Tim Sparchholtz, Sander Deilkås, Espen Josdal, Jone Utbjoa
Benytta reservar: Jørn Vaage og Sveinung Steine
Ubenytta reservar: Inge Hjorteland og Kiko