Tobias (til høgre) skora Suldal sitt første mål mot Ølen 2

Tobias (til høgre) skora Suldal sitt første mål mot Ølen 2

14-årslaget til Suldal kunne tysdag kveld kvittére ut ein ny bortesiger. På ei fin grasmatte i Vikedal vart heimelaget slått med tennissifra 6-1. Dermed er suldalsgutane saman med Skjoldar dei to einaste laga som ikkje har avgitt poeng så lagt i sesongen. Det er dermed duka for eit spennande topp-oppgjer når desse to laga møtes i Erfjord førstkomande måndag!

Som i tidlegare kampar kom ikkje Suldal i gong med spelet frå start. Men kva gjer det når effektiviteten er på topp! Allereie etter 5 minutt skora Tobias Mathiesen då han fekk to sjansar åleine med keeper. Men Ølen viste seg som eit ballsikkert og samspelt lag, og utover i omgangen tok dei meir og meit over banespelet. Farleg framfor keeper Marius Søraas vart det likevel ikkje då midtstopparparet Knut Nærheim og Mads van Ruiven rydda opp i stor stil. Og då det nærma seg pause viste Suldal at det ikkje er tilfeldig at dei kjempar i toppen av tabellen: Først sette André inn 2-0 etter god jobbing i feltet. Like etter tok Gisle Fermann seg av ei svak klarering frå Ølen og sette den kontant i mål, før Daniel sette inn 4-0 på ein retur frå keeper like før pause.

I andre omgang hadde Suldal god kontroll på kampen. Det var langt mellom dei glitrande prestasjonane, men laget gjennomførte ein grei omgang, og slapp ikkje Ølen til framfor mål før på overtid. Det var derfor Suldal som skora først også etter pause. Midt i omgangen skora Gisle Suldal sitt femte mål då eit innlegg noko heldig fekk ein fin boge over ølenkeeperen og dalte ned like innanfor stolperota. Til slutt var det kaptein Mads som fekk gleda av å sette inn nr 6. På eit frispark på skrå utanfor 16-meteren ymta han frampå at dette kunne vere skothald for han. Og det stemde. Han drog til og fann opninga mellom muren og keeper. Fint mål. Heimelaget si redusering i tilleggstida kom alt for seint til å ha noko betydning, og Suldal kunne ta med seg 3 nye poeng over fjorden.

Neste kamp er som nemnt heime mot topplaget Skjoldar måndag 19. mai. Kampen vert spelt i Erfjord.

Mål

0-1       5 min               Tobias Mathiesen

0-2       26 min             André Vatland

0-3       27 min             Gisle Fermann

0-4       34 min             Daniel Espe

0-5       53 min              Gisle Fermann

0-6       55 min               Mads van Ruiven

1-6       70 min                 Ølen 2

 

Lag: Marius Søraas, Aslak Fisketjøn, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Levar Sand, Gisle Fermann, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, Daniel Espe, André Vatland, Tobias Mathisen

Innbyttarar:, Robin Straabø, Pelle Tijhuis, Amund Nordheim, Camilo Schibevaag