Etter oppløftande spel og god positiv innstilling i garderoben skulle vi virkelig få lande med eit brak i denne kampen. Likevel er dette ei påminning om at me ikkje bør senka oss mange hakk før me blir eit middels 6 divisjonslag.

Lite stemte for suldalslaget denne dagen. Det me før denne sesongen har tatt med oss som positive signal og som me ville videreføre var totalt fraværende. Bevegelse, tenning, bra pasningsspel og god angrepsfotball er det me egentlig vil stå for, men denne filosofien må ligge gjømd ein god plass, for me fann den ikkje igjen denne freadg 16 mai på «Humpen», Buøy.

Simmen er klar på korleis han vil ha det og guttane i garderoben er samstemde, men det vil seg ikkje heilt. For oss som har deltatt og spelt for Suldal oppgjennom, så var denne kampen på mange måtar et «flashback» til tidlegare sesongar i 5 divisjon.

Kampen var vel knapt tretti minutt gammal før Buøy 2 leiia 2-0 over eit suldalslag uten den store gnisten. Det positive var at me hadde mykje ball denne omgangen, men klarte ikkje å skape dei store sjansane. Eit mål skulle me likevel få før pause. På ein dødball vart det ein del klabb og babb inne i feltet hjå heimelaget. Hallvard, som er blitt ein giftig kar frå vingposisjonen sin fekk ein fot på ballen slik at den trilla mot Buøy 2-målet. Espen som for underteikna var dagens beste mann var såpass borti ballen til at målmannen vart utspelt. 2-1 og nytt liv i kampen.

I pausen vart det snakka om å videreføre det me hadde i kampens første omgang. La ballen gå og sjansane vil kome.

At sjansane ville kome var nok meir ein tanke enn ein realitet. Spelet «lugga» skikkelig i denne omgangen og tempoet var så lågt at det var som å sjå måling tørka. Før det vart gjort eit taktisk byte i det 80 minutt då Torjus vart flytta fram i banen hadde Suldal så godt som ikkje skapt ein målsjanse. Torjus fekk fart på angrepet og fekk vist at hans fart og gjennombruddshissighet var vel så viktig framover på banen enn på midtstopparplass der han hadde spelt til no i kampen. Me fekk meir tempo i spelet og Buøy 2 vakla skikkelig i denne perioden. Det var og den lange, nyleg konfirmerte sonen til Vidar Steine som fyrte av eit skot frå vel 18 meter. Dette skotet fekk keeper hjå heimelaget store problem med. Såpass at han slo ballen rett i føtene på Espen. Jelsabuenbuen sette inn sitt første mål for sesongen og utligninga var eit faktum. Då 40 sekund gjenstod av overtida skulle likevel denne kampen ende poenglaust for dei gulsvarte frå den vakre kraftkommunen, Suldal. Rot i forsvar gjorde sitt til at spissen til Buøy 2 kom aleine med for dagens keeper, Ingve. Spissen gjorde ingen feil og 3-2 vart resultatet av denne kampen.

Oppsummeringa vil jo vera av det negative slaget sjølv om underteikna helst likar å skrive positive oppsummeringar. Elendig tempo, svakt pasningsspel, lite trøkk og eit fortjent tap er det ein kan konkludere med etter kampen. Sjøl om me kanskje har mest ballinnehav er det i boksane me svikte. Buøy 2 hadde to i treverket og var tre gonger aleine med keeper. Det er ikkje midt på banen at kampar vert avgjort, det er framføre måla.
Til helga, 24 mai kjem nyopprykka Paradis frå Storhaug på besøk til Prestavikjo. Til den kampen håpar me at denne opplevinga kun var eit negativt blaff og går inn i den kampen med guts og vilje. Gjer me det, så er vi eit topplag etter mi meining.

Mål/assist
Espen/Hallvard
Espen/Torjus

Gult kort: Johannes (usikker her, men)

Laget: Ingve Berge, Tore M Steine, Sigvart Vårvik, Torjus Steine, Sven H Kolstø, Hallvard Erfjord, Johannes Wiegestrand, Tim Sparchholtz, Sander Deilkås, Espen Josdag, Jone Utbjoa
Benytta reservar: Ørjan Underbakke, Ole Thomas Hauge