Trenar Morten demonstrerer korleis han vil laget skal spele i 2. omgang

Trenar Morten demonstrerer korleis han vil laget skal spele i 2. omgang

Tysdag var det toppoppgjer i  fotballens 2. divisjon for gutar 14 år. Før kampen var det bare målforskjelen som skilde bortelaget Skjoldar og heimelaget Suldal. Begge stod med 5 strake sigrar før dei møttest til kamp i Erfjord. Fint ver, ei god grasmatte og eit talrikt publikum ga ei fin rame rundt kampen. Og sjølv om bortelaget til slutt vann ein klar siger, viste suldalgutane innsats og spel som ber bod om mange poeng i vekene som kjem.

Og det var Suldal som kom best i gong. Medan dei tidlegare i sesongen ofte har latt motstandarane ta initiativet i kampen, var det denne gong ikkje tvil om kven som ville mest. Og det tok ikkje meir enn drygt 5 minutt før eit vakkert angrep vart omsett i teljande resultat. Eirik fossa nedover høgresida, la eit presist innlegg til spiss Tobias som avslutta midt på keeper. Returen ekspederte Håvard i mål til 1-0 leiing. Og i denne fasen av kampen var Suldal gode. Heile laget viste innsatsvilje og fleire fine angrep vart produserte. Forsvaret rydda godt unna, og Skjoldar kom ikkje til dei heilt store sjansane, sjølv dei dei muligens vart snytt for eit straffespark.

Men midtvegs i omgangen viste Skjoldar spel som var eit topp-lag verdig: Ballen gjekk fort i lengderetninga, og eit fint innlegg mot bakre stolpe klarte ikkje Suldal å forsvare seg mot. 1-1. Og no er det bortelaget som kjører kampen. Suldalsspelarane vert litt passive, kjem ikkje oppi motstandarane og let Skjoldar gå opp i både 2-1 og 3-1 før pause.

I 2. omgang er det igjen Suldal som startar best. Bare små marginar hindrar Daniel i å redusere for Suldal. I staden er det Skjoldar som nådelaust straffar personlege feil hjå heimelaget. Først vert leiinga auka til 4-1 etter at ein skjoldarspelar upressa får skalle eit innlegg i mål, før eit balltap på midtbana fører til kontring i mot og 5-1.

Suldalsgutane skal likevel ha ros for at dei kjempa til siste slutt. Men nærmare enn eit knallskot i tverrliggaren av Daniel kom dei ikkje, medan Skjoldar la på til 6-1 like før slutt. Dermed vart dei eit klart tap for ein betre motstandar. Banespelet var likevel oppløftande. Midtbanen anført av ein svært god Kentaro jobba iherdig gjennom heile kampen. Det er bare å gle seg til fortesetjinga!

Neste kamp i kretsserien er borte mot Falkeid mandag 26. mai.

 

Mål:

1-0 7 min:      Håvard

1-1 17 min:    Skjoldar

1-2 25 min:    Skjoldar

1-3 35 min:    Skjoldar

1-4 40 min:    Skjoldar

1-5 55 min:    Skjoldar

1-6 67 min:    Skjoldar

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Pelle Tijhuis,  Amund Norheim, Eirik S. Halgunset, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, Daniel Espe André Vatland,  Tobias Mathisen

Innbyttarar:  Robin Straabø, Jørgen Lund, Levar Sand