André vart einaste målskorar mot Falkeid

André vart einaste målskorar mot Falkeid

Det vart eit knepent tap i bortekampen mot Falkeid måndag kveld. I følgje rapportar frå kampen kunne resultatet ha vippa begge vegar, men suldalsgutane mangla denne gongen det litle ekstra som må til for å vinne jamne fotballkampar. Ingen av laga slo til med direkte storspel, men heimelaget Falkeid var tøffast i duellane og ga Suldal lite tid til å bygge opp pasningsspelet.

Den siste heimekampen i vårsesongen vert spelt heime i Prestavikjo mot Kopervik 3 søndag 1 juni kl 16.30.