Suldalsgutane G14

Desse Suldalsgutane slo Kopervik etter ei imponerande opphenting.

Siste heimekamp før sommaren vart akkurat så spennande som ein god fotballkamp skal vere. Suldal låg under heilt til 69 av  70 ordinære  minutt var unnagjort. Men ei kampavslutning det lukta svidd av,  med 2 mål i sluttsekunda gjorde at heimelaget kunne la seiersbrølet ljome over Prestavikjo etter kampen.

Førsteomgangen var grei nok spelemessig. Suldal hadde ballen mykje og kom til nokre halvsjansar framføre Kopervik sin keeper. Men spelarane vart for ubesluttsomme med avslutningane. Heller ikkje dei mange kornerane ga teljande resultat: Kopervik fekk i fred og ro heade ballen unna, medan Suldal stod og såg på. I staden var det bortelaget som midtvegs i omgangen noko ufortent  tok leiinga på ei kontring. Like før sidebyte viste dei også korleis det skal gjerast på dødball: Eit frispark ute ved kornerflaget vart kontant heada i mål. Dermed stod det 0-2 til pause.

Andre omgang starta med massvis av glød og entusiasme hos heimelaget. Suldal tok tak i kampen og allereie etter 5 minutt kom reduseringa. Håvard knalla ballen inn frå kort hald etter klabb og babb i feltet. Utover i omgangen var det Suldal som dominerte. Spelarane lot ballen gjere jobben, og trøkka skikkleg tok i duellane. Sjansar vart skapt på rekke og rad, men det var vanskeleg å finne vegen til nettmaskene. Eit hardt arbeidande kopervikforsvar rydda unna det som kom. Og då bare knappe10 minutt gjenstod var det teikn til hardkjøret i varmen hadde kosta for Suldalsgutane. Kopervik kom meir med i kampen og såg ut til å kontrollere inn ein bortesiger. Bare eit tigesprang frå keeper Marius hindra bortelaget i å gå opp til 3-1.

Kentaro jobba godt gjennom heile kampen og sette inn utlikninga like før slutt

Kentaro jobba godt gjennom heile kampen og sette inn utlikninga like før slutt

Men Suldal var ikkje sluttkjørt likevel! Like før ordinær tid var ute havna eit innlegg inne  i 16-meteren til Kopervik. Eirik fekk lagt tilbake til ein betre plassert Kentaro, som breisida ballen i nota. 2-2. Og på overtid såg suldalsgutane at her var det sjanse for å dra sigeren i land. Laget fossa i framover og eit fint angrep enda opp hos Daniel som hadde tatt løpet inn i 16-meteren. Han fekk tid til å ta ned ballen, men heldt seg til hovudet då keeper redda avslutninga! Men 2 minutt på overtid braut jubelen laus på Suldalsosen: Daniel kom seg fri frå kopervikforsvaret, mottok ballen og plasserte den iskaldt til side for keeper. Dermed enda det 3-2. Vel fortent etter ein kamp der Suldal var middels gode i førsteomgangen, men heva seg kraftig etter pause.

Siste kamp i vårsesongen er borte mot Sauda mandag 16. juni. Men før det er det Lundehaugen Cup på Ganddal helga 14-15 juni

 

Mål:

0-1 20 min:    Kopervik

0-2 34 min:    Kopervik

1-2 41 min:    Håvard

2-2 70 min:    Kentaro

3-2 70 min:    Daniel

 

Lag: Robin Straabø , Mads van Ruiven, Eirik Sandvik Halgunset, Levar Sand, Pelle Tijhuis, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, André Vatland, Daniel Espe, Gisle Jordebrekk, Camilo Schibevaag

Innbyttarar: Marius Søraas, Amund Norheim,  Tobias Mathisen, Aslak Fisketjøn, Jone Odden