COL_9320

Eit Vaulen bada i solskin venta suldalslaget til vårsesongens tredje siste kamp i 6 divisjon avdeling 2. Bortelaget har variert noko i prestasjonane denne sesongen, men me hadde tatt med oss ti poeng og ein god porsjon sjølvtillit til denne kampen.

Motstandarlaget, Vaulen 2 er eit lag av den sorten ein aldri heilt veit kor ein har. Dei orange-kledde har ei bra A-lag i 3 divisjon, så risikoen å møta spelerar på andre/tredjedivisjonsnivå til desse kampane er til stades. Hovudsakleg spelerar som har vore skada og treng kamptrening.

Utan trenar, Simmen i garderoben var det Tor Olav som var lagleiar og inspirator til denne kampen. Oppskrifta var likevel enkel: trø til i duellar og gjere oss spelbare slik at me vant ball og kunne spele vårt spel.

Flotte ord og klar enighet om spelestil i garderoben var likevel gløymd ut i det me entra den grøne, men harde kunstgrasmatta. For fokus på kamp og den jobben me skulle gjere var borte og enkelte var rett og slett ikkje klar for å spela fotball. Heile første omgang var prega av at dei gule og svarte frå Suldal ikkje hadde hovudet på rette staden. Liten tilstedeværelse, dårlige bevegelsar, elendig trøkk i motstandar og ukonsentrerte både offensivt og defensivt var behaldninga me kunne verta opp med.
Til pause hadde me fått to mål i «sekken» og mykje å ta tak i. Vaulen 2 gjekk til pause med to mål som dei absolutt ikkje hadde fått om me hadde gjort jobben. Me hadde og våre sjansar som me klarte å setje utanfor målet til ein usikker målmann for heimelaget.

kampvaul

Pausepraten handla om å skru seg på og gjera jobben som me hadde reist til Stavanger for å gjera.

Det kan virka som at pausepraten hadde ein ørliten virkning, for me skapte ein del gode muligheter i kampens siste omgang. Likevel vart det litt for mykje ukonsentrert over heile laget og det var Vaulen 2 som skulle vinne denne kampen med greie siffer. Me skulle likevel få oss ei redusering ved Ingve. Den omskolerte målmannen «sleiva» eit innlegg frå 35 meter mot mål og over heimelaget sin målmann. Dette målet kom likevel som eit lite trøstemål i den grad at Vaulen 2 klarte å doble målkvoten sin frå første omgang og vann kampen med sifra 4-1.

Som oppsummering kan me ta med oss at me skaper sjansar sjølv om me ikkje spelar god fotball. Men me må vera fokuserte på jobben me skal gjere og dette fokuset bør vera påskrudd når me går inn i garderoben før kamp og ikkje langt ut i andre omgang. Dette held rett og slett ikkje om ein vil vinne kampar.
Neste helg ventar Jarl på oss til nok ein bortekamp i Stavanger. Jarl, som spelar i brune drakter har som mål å rykke opp denne sesongen. Dette håpar og trur eg at me kan gjere noko med slik at dei også neste år blir å finna i sjette divisjon. Det at heimelaget i tillegg er proppa med saudabuar bør og var ein inspirasjon for å vinne denne kampen til vår fordel.

Takkar Knut Roberto Aas for bildene.

Mål: Ingve

Laget: Sveinung, Tore M Steine, Tor Olav, Torjus, Sigvart, Ingve, Tim, Johannes, Sander, Hallvard og Espen.

Benk der begge fekk mykje speletid: Patrick og Ørjan