Etter eit tap helga før var det tretten gutar som stilte i garderoben til kamp mot gruppeleiar, Jarl til dyst på Jarlabanen i Hillevåg. Humøret var på topp slik det ofte er med denne gjengen karar, men dette humøret var det likevel ein kar i svart som ville øydelegge.

I fråværet til tre andre målvakter, så var det Ingve som motvillig måtte ta hanskane fatt og ta utfordringa med å halde «buret» reint. Ingve viste seg å skulle bli ein viktig bidragsytar til at Suldal kunne gå i garderoben med eit noko heldig uavgjort resultat.

Kampplanen til Simmen var klar. Ut å kjemp, hold ballen på bakken og ha det kjekt. Fullt fokus på kamp og oppgåvene våre.

For å gjer dette referatet kort, for det er faktisk deprimerande å skrive akkurat dette innlegget, så kan ein nevne tre negative ting frå første omgang og to positive ting. For å ta det negative først. Ein svak deffensiv organisering over heile linja, for mykje rom for balltrillarane til Jarl og kampens dommar som var mest opptatt av å gi gule kort for reglar han nettopp har lest seg opp på og ikkje slå ned på seine tacklingar og stygge scenar. Det positive var målvaktsspelet til Ingve og at me kunne gå i garderoben med uavgjort.

I pausen vart me avhengig av å gjer eit bytte der Sigvart gjekk ut og Tor Olav kom inn. Dette bytet skulle tydeligvis ikkje dommar var einig i at var noko lurt for etter ti minutt av andre omgang vart Suldal redusert til ti mann og fekk straffe mot seg i ein situasjon der duellen ikkje ein gong skjedde innanfor seksten meter. Det raude kom som resultat av to tullete gule kort frå den svartkledde og Tor Olav kunne skifta frå fotballsko til joggesko før han hadde tenkt. Dømt var dømt  og straffen vart sett i mål.

Underteikna reiste med dette heim for å sleppa vidare frustrasjon og kan bare referere til kva som er blitt fortalt frå resten av kampen.

Dei brunkledde frå Stavanger scora ytterligare fire mål og Hallvard putta på eit av sine to straffar til resultatet 5-1 til Jarl.

Oppsummeringsvis kan ein seie at me bare må brette opp armane å sjå vidare til neste helg då Hjelmeland står klar i Prestavikjo. Denne kampen har me alt skylt ned i toalettet slik at me kan få plass eit forhåpentligvis positivt resultat fråd ei kvitkledde Hjelmelandsbuane. Kampen går utan Tor Olav og Jone som må stå i skammekroken for gule og raude kort. Klokka 14.30 på førstkommande laurdag er gutane altså klar til kamp i Prestavikjo.

 

Mål

Hallvard (str)

Gule kort

Jone, Tor Olav x2, Johannes, fleire?

Raudt kort

Tor Olav

Laget: Ingve, Mikkel, Sigvart, Torjus, Tommy, Nils Arne, Ørjan, Johannes, Tim, Hallvard, Jone

Benk der begge fekk speletid: Tor Olav og Sven