Framme frå venstre: Jan Even Røttingen, Jan Ove Sæbø, Odd Åsgeir Lunde, Svein Øystein Berge, Arne Abrahamsen, Dagfinn Havrevoll, Jon Bråtveit, Leif Bakka.
Bak frå venstre: Neri Fisketjøn, Vidar Steine, Geir Bjarte Hoftun, Tor Jarle Stråbø, Olav Å. Nærheim, Erik W. Vold, dommar Olav Vold.

Endeleg var dagen kommen der gamle heltar skulle få måle krefter på ny.

(Nokre bilete frå kampen kjem nok i morgon…)

Det går gjetord om bataljene mellom a-laga til Nesflaten og Suldal på starten av 90-talet. Den gong hadde bygda i austre enden av Suldalsvatnet ein framifrå generasjon av unge, fotballgalne karar. Desse fekk gode resultat i seriesystemet nokre år, og enda til og med over Suldal på tabellen enkelte sesongar. (Simmen meinar Nesflaten aldri har tapt mot Suldal.) Spelartroppen i dag var tilnærma lik dei som spelte rundt tiårsskiftet 80/90-talet. Altså eit ganske så homogent lag aldersmessig.

På Osen hadde dei lag med i seriesystemet frå 1977 til 1988, før dei starta opp igjen i 1991 og framleis held det gåande. Spelarane som skulle forsvare Suldal si ære denne dagen var henta heilt tilbake frå 1977 og fram til eit par spelarar som framleis held det gåande. Laget i dag hadde eit aldersspenn på omlag 25 år. Så om me hadde dei ynste på banen, så hadde me og dei eldste!

Då Nesflaten la ned sitt a-lag, fekk Suldal bere mange frukter av det, fleire av dei som bar grøn drakt i dag har og trukke suldalsdrakta over hovudet på 90-2000-talet, så det var mange tette band på banen denne laurdagen.

Kampen gjekk føre seg på banen i Kilen, ein bane som nok har sett grønare og jamnare dagar, men som Italia sin midtbanedirigent Pirlo sa før dei skulle møte England på ei ujamn matte i Amazonas nå i VM: «Er det bare rot, så er det bare rot for begge lag.» Det gjorde det litt lettare å skulde på banen om dempingar og skot ikkje sat heilt som ein hadde tenkt.

Før kampen vart det halde eit minutt stille til minne for dei som var ein del av fotballmiljøet, men som ikkje lenger er blandt oss. Etter dette presenterte speaker Terje Bråtveit spelar for spelar. Han skulle kjenne dei fleste godt, sidan han har hatt dei fleste spelarane frå Nes på skulen, og kjenner suldølen gjennom gubbatrim og aldersbestemt trenargjerning, med meir.

Begge lag hadde med seg ein heidersgjest på banen; Suldal stilte med ein som må ha mykje av æra for at det vart skipa a-lag på Osen, og han var trenar dei første tre sesongane frå 1977-79: Jan Even Røttingen. Nesflaten hadde sendt bod på Magne Ove Dimmestøl frå Vartdal. Han var lærar på Nesflaten då mange av nesbuane gjekk på skulen, og spelte i Saudacupen for Nesflaten. Obligatoriske kampar for grøntrøyene har han ikkje, men det har han derimot for Suldal! Han er mest kjend for å ha slått tunnel på Åge Hareide.

Suldal vart leia både på og av banen av Neri Fisketjøn, mens Nesflaten hadde Nils Ivar Aarhus som lagleiar og Reidar Hagen var kaptein.

Kampen kom i gong, og begge lag måtte kjenne på underlaget, samt eigen ballkontroll og fysikk eit par minutt før det blei fart i spelet. Då vel tre minutt var spelt, gjorde Leif Bakka si einaste tabbe denne dagen; eit utspark hamna hos Tor Jarle Stråbø. Tor Jarle lot ikkje den sjansen gå frå seg, og sette ballen sikkert i mål til 1-0-leiing til bortelaget. Leif spelte seg stort opp, og vart etter kampen kåra til bestemann. Då var det rettvist at han spelte ein omgang for begge lag.

Etter den tidlege leiinga til Suldal, gjekk det mest ein halvtime før neste mål skulle komme. Suldal førte nok kampen, men Nesflaten var framme på nokre kontringar. Spesielt suldalstrenaren Simmen Bratland var sugen på å skåre mot sin nåverande klubb. Dessverre for heimelaget gjekk skota hans utanfor mål. Då halvtimen var spelt, gjorde Reidar «The Killer» Hagen ei av sine kjende sklitaklingar. Om han tok ballen, så feia han samstundes med seg Geir Bjarte Hoftun, og dommar Olav Vold peika på straffemerket. Ingen av veteranane til Suldal takla presset det var å ta straffesparket, så ungdommen Jan Ove Sæbø måtte ta ansvar. Han sette ballen sikkert i mål til 2-0. Like etter var Tor Jarle frampå igjen og la på til 3-0 før pause. Lite hoftefeste på handelsmannen i denne kampen!

I andre omgang var det nok mange som begynte å kjenne at det er ei stund sidan ein sprang i 2×45 minutt etter ein ball. Tempoet dalte noko, og Nesflaten var nok dei som seig mest saman. På 17 minutt skåra Suldal fem gonger: Tanksenter Vidar Steine putta to ballar i nettet, den eine på volley rett i kryss, Erik W. Vold stussa ein ball i mål, og Dagfinn Havrevoll og Geir Bjarte Hoftun sette ballen i buret etter raid på Suldal si venstreside. Det vart mindre og mindre lyd frå sidelinja for kvar skåring.

Så, i det 81. minutt, skulle det bli dagens høgaste jubelbrøl. Underteikna tapte hovudduell mot Bård Syvertsen, stussen sendte han til kaptein Hagen, og vips så sprakk nullen hos Suldal. To minutt seinare svarte Geir Bjarte Hoftun med sitt andre og Suldal sitt niande mål for dagen, før Helge Bratland avslutta målprotokollen med eit langskot direkte frå avspark og rett i mål. Det skal seiast at det avsparket til Nesflaten var noko ureglementert, men skit au. Det var eit fint skot. Då dommaren bles av kampen, stod det 9-2 til Suldal, og skulle det vere hald i Simmen sine ord om at dette var første gong Suldal slo Nesflaten, så var det jammen på tide!

Sjølv om resultattavla var ganske tydeleg på kven som vann kampen, skulle det heile avgjerast med straffesparkkonkurranse. Her vart Nesflaten for sterke for slitne suldølar og drog i land sigeren 4-2.

Elles må ein trekkje fram Magne Gunnar Bratland sitt glimrande raid langs høgrevingen i andre omgang. Om det var skolisser, ei tue i banen eller føtene han snova i då han omtrent var heilt åleine med keeper veit me ikkje. Kanskje var han berre trøytt? Og det var tydeleg at det var prestisje mellom Simmen og Odd Åsgeir Lunde i duellen på midten. Då Simmen kom seg laus, måtte Odd Åsgeir ty til ulovlege triks. Reknar med det vert oppgjer på arbeid på måndag!

Reidar Hagen skal ha mange takk for at han tok initiativ til denne kampen, det var mange som hadde det kjekt både på banen og på sidelinja, og me reknar med det blir mange som har det kjekt på banketten på samfunshuset i Kilen seinare i kveld!

Framme frå venstre: Jan Even Røttingen, Jan Ove Sæbø, Odd Åsgeir Lunde, Svein Øystein Berge, Arne Abrahamsen, Dagfinn Havrevoll, Jon Bråtveit, Leif Bakka.
Bak frå venstre: Neri Fisketjøn, Vidar Steine, Geir Bjarte Hoftun, Tor Jarle Stråbø, Olav Å. Nærheim, Erik W. Vold, dommar Olav Vold.

Fakta:

Mål:

3 min: 0-1: Tor Jarle Stråbø

30 min: 0-2: Jan Ove Sæbø (str)

35 min: 0-3: Tor Jarle Stråbø

61 min: 0-4: Vidar Steine

66 min: 0-5: Erik W. Vold

74 min: 0-6: Dagfinn Havrevoll

76 min: 0-7: Vidar Steine

78 min: 0-8: Geir Bjarte Hoftun

81 min: 1-8: Reidar Hagen

83 min: 1-9: Geir Bjarte Hoftun

83 min: 2-9: Helge Bratland

Straffespark:

Suldal: Ola Å. Nærheim (bom), Neri Fisketjøn (mål), Vidar Steine (bom), Tor Jarle Stråbø (bom), Svein Øystein Berge (mål)

Nesflaten: Reidar Hagen (mål), Jakob Vetrhus (mål), Helge Bratland (mål), Simmen Bratland (mål), Magne Ove Dimmestøl (bom)

Gule kort

Geir Bjarte Hoftun og Odd Åsgeir Lunde, Suldal

Lag

Suldal: Svein Øystein Berge (1.omg), Leif Bakka (2. omg) – Dagfinn Havrevoll, Odd Åsgeir Lunde, Jon Bråtveit, Arne Abrahamsen, Geir Bjarte Hoftun, Ola Å. Nærheim, Jan Ove Sæbø, Jan Even Røttingen, Tor Jarle Stråbø, Vidar Steine, Neri Fisketjøn, Erik W. Vold

Nesflaten: Leif Bakka (1. omg.) Svein Øystein Berge (2. omg) – Reidar Hagen, Jakob Vetrhus, Johan Roaldkvam, Helge Bratland, Magne Gunnar Bratland, Kenneth Tveit, Jostein Aarhus, Geir Syvertsen, Bård Syvertsen, Simmen Bratland, Kjell Magne Tveiten, Jan Kåre Tveiten, Knut Steine, Mange Ove Dimmestøl, Odd Austarå, Terje Norheim