Sveinung har gjort come back på Suldal sitt a-lag i år.

Sveinung har gjort come back på Suldal sitt a-lag i år.

Før sesongstart hadde me ein liten oppdatering på spelarfronten.

Den kan de sjå her. Kort referat:

Nye spelarar: Torjus Steine, Sander Deilkås, Sven Kolstø, Patrick Weerstand og Dagfinn Nærheim nemnde som nye spelarar.

Spelarar ut: Lars Lavalette og Bjørn M. Steine

Trappar ned: Nils Arne Moe

Vårsesongen har vist at alle dei nye spelarane har vore i aksjon i stor og mindre grad, og at Nils Arne har trappa ned, men ikkje så mykje som andre spelarar. Superbacken har aksla trøya eit par gonger i vår.

Det er aldri godt før sesongen å vite kven som trappar ned. Det er mange namn som stod på Spelartropp 2013 som ikkje har vore aktive i vår eller i fjor. Nokon seier klart at det er slutt, andre slenger seg med både på trening og ein og anna kamp. Me treng alle, og me får ta ei oppsummering på kven som er på veg ut etter at 2014-sesongen er slutt. Gode ord skal alle som har gjort ein innsats for Suldal få.

Men det er nokon som har komme inn i vår som ikkje er blitt presentert:

Sveinung Steine er ein gammal travar på fotballbanen. Han flytta heim sist sommar, slang seg med på treningn, og har i år spelt fem kampar innimellom bygging av hus på Steine. Sveinung kjenner me godt frå aldersbestemt fotball og a-laget for 15-20 år sidan. Så slo han seg ned på Sola(?) og spelte fleire sesongar for Havdur. Han har både stått i mål og spelt ute og er ein solid fotballspelar.

Ole Thomas Hauge og Inge Hjorteland har spelt ein kamp kvar.