showI litt grått augustvær var det FC Show/Siddis2 som skulle gjesta eit suldalslag som kom frå ein brakseier helga før, også det i Prestavikjo. Om FC Show har som ideologi å lage show for eigen del eller bidra til show for motstandarar kan ikkje underteikna svare på. Målshow vart det i alle fall i ærverdige Prestavikjo denne laurdagen.

Etter to gode kampar i haustsesongen var det eit suldalslag i medvind som stilte til avspark mot laget kledd i rosa frå Stavanger. Simmen hadde valgt å bruka mange av dei som var med på brakseieren over Tjensvoll helga før og dette skulle vise seg å vera ei god avgjersle av karen frå Hadli.

Etter ei litt frisk opning av dei feminint kledde byasane  var det Suldal i sine vakre svarte og gule drakter som tok over kampen totalt.

Kampen var spelt i om lag ti minutt då Jone som sette eit frispark rett i mål. Om det var den nye sveisen eller flaks som gjorde at ballen gjekk i mål vites ikkje, men ein god start og eit flott mål var det av dagens kaptein.

Etter at Jone hadde åpna den berømte ketchupen byrja ting å fungera slik vi likar å sjå laget i vårt hjerte. Espen runda keeper fint til 2-0, før dagens 6-målsscorer, Øyvind putta på til 3-0. Om underteikna ikkje tek heilt feil, så netta Øyvind to mål til og Jone eitt til før dagens dommar, Bratthammer bles til pause. Det er ikkje ofte vi går til pause med leiing på seks mål, men denne herlige laurdagen var dette det reelle fakta.

I pausen var det ikkje nokon tvil om kva som skulle vera fokuset. Hald trykket oppe, konsentrasjon på topp og vis speleglede.

Fire mål skulle de komme i kampens andre omgang og dette var ikkje eit mål for mykje. Om ein kan bruke ein floskel som beskriv denne kampen, så er det at Suldal spela ball i hatt med laget som spelar sine heimakampar på Siffen. Øyvind fortsatte sin målorgie og dobla sine tre mål frå første omgang, medan Espen putta sitt andre for dagen og heile ti mål til heimelaget var eit faktum. Laget frå Stavanger kunne skilta med ein flott smultring på resultattavla. Dette resultatet stod seg til dommaren bles av kampen, men me kunne vunne med atskillig større margin enn det som stod på dommarkortet.

For å oppsummere denne kampen vil underteikna bruke betegnelsen, klasseforskjell på desse laga. Dette begrepet er ikkje noko me ofte brukar om ein skal forklare ein suldalsseier. Likevel må vi ikkje sjå på denne kampen som noko kvilepute for neste kamp. Neste helg ventar Paradis på oss på Midjord stadion fredag den 5 september klokka 17.30.

Mål

Øyvind x 6

Jone x 2

Espen x 2

Målgjevande: ( fekk ikkje med meg alle, så skriv dette i kommentarfeltet under:)

Laget: Patrick Weerstand, Ingve Berge, Sigvart Vårvik, Johannes Wiegestrand, Tommy Espe, Odd Å Lunde, Jone Utbjoa, Espen Josdal, Andreas Groven, Sven Kolstø, Øyvind Gjuvsland.

Benk der alle fekk bra med speletid: Tor Olav Berge, Nils Arne Moe, Tim Sparchholz og Ørjan Underbakke.