Etter å ha prestert ein imponerande målforskjell på 17-1 dei to siste kampane vart det bom stopp på Midjord denne fredagskvelden tidleg i september. Gutane frå Storhaug som representerte det forholdsvis nystarta laget, Paradis vart mange hakk for gode for bygdagutane frå Suldal.

Kontinuitet er ein nøkkel i fotball, men har likevel blitt eit framandord for oss så driv med fotball i Suldal. Kamp etter kamp startar me med nesten ny 11 er og spelerane vert aldri heilt kjend med rollene sine, lagkameratane sine eller systemet me ynskjer å spele. Det gledelege er at mange ulike spelerar får prøve seg på laget. Til denne kampen fekk med debuter av Vidar Jørgensen (nyleg tilflytta til Suldal), Erik Vaage (Erfjordbu som nå bur i Stavanger) og Jone Gjertsen ( Saudabu som også bur i Stavanger).

Underteikna kjenner at lysta til å skrive dette referatet ikkje heilt er tilstades, så det vert eit kort og konsist innlegg denne gongen.

Me gjekk ut i 4-5-1 formasjonen som me har funne ut at fungerer best for oss. Me skulle gå til i taklingar, gode bevegelsar i rom og spele sikre og gode pasningar. Dette har fungert i fleire kampar denne sesongen, men når dette ikkje fungerer er suldalslaget ein stor skuffelse. Det siste kan også seiast om denne kampen.

Me vart fråsprungne og utspelt i alle fasane av spelet i 2×90 minutt. Ingen av oss viste tilliten vår verdig til Simmen, som måtte sjå på denne håplause kampen frå sidelinja. Det er utrulig kjedeleg å stilla til kamp utan faktisk å var klar til kamp. For det var me ikkje denne fredagskvelden.

Det første målet imot kom allereie før eitt minutt hadde gått. Frå dette målet og til dommaren bles av kampen nittito minutt seinare hadde me blitt vitne til kva dårleg kontinuitet kan gjera med eit lag.

Det einaste me kan gjera er å sjå framover til neste kamp og håpe på bedre tider. Me kjem aldri til å vinne mange kampar på rad utan at me får ein nokonlunde stabil 11 er. Likevel vil underteikna hylle dei som stilte opp til kamp når mange andre ikkje kunne. Me prøvde, men feilet. Det har mange gjort før oss, og mange til å gjera etter oss. Neste kamp er laurdag 13 september i Prestavikjo. Då ventar Buøy 2 til kamp der Suldal har alt å revansjere etter eit forsmedeleg 3-2 tap i vår.

 

Laget: Patrick Weerstand, Ingve Berge, Tor Olav Berge, Vidar Jørgensen, Sven H Kolstø, Sigvart Vårvik, Ørjan Underbakke, Johannes Wigestrand, Erik Vaage, Øyvind Gjuvsland, Hallvard Erfjord

Benytta reservar: Jone Gjertsen og Tom F Wærnes