14-årslaget drog i land ein ny klar heimesiger mot Vard i Erfjord søndag. Medan det i første omgang var relativt jevnt, kanskje med eit lite spelemessig overtak til heimelaget, var det det etter pause aldri tvil om kven som var skarpast. 2-0 og 3-0 kom tidleg i omgangen, og då gjekk lufta litt ut av Vard-spelarane. Etter 5-0 og 6-0 begynte dei å spørje etter kor lang tid det var att, og det er aldri eit godt teikn når ein ligg under! Ei redusering på korner gav dei eit liten opptur, før sluttresultatet var fastsett til 7-1. Spelemessig var dette ein middels kamp av Suldal. Det er enda mykje å gå på når det gjeld pasningsspel. Men i periodar glei også dette fint, så ting er på gang. Utan utespelarar som innbyttarar vart dette ein kraftprøve i det varme sommarveret, men suldalsgutane heldt trykket opp og stod distansen ut.

Neste kamp er heime mot Ølen 2 mandag 22.09

Mål: Andre 2, Daniel 2, Kentaro 1, Knut 1, Eirik 1

Lag: Robin Straabø, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Jørgen Lund, Levar Sand, Eirk S. Halgunset, Daniel B. Espe, Håvard Fattnes, Kentaro Indo, Pelle Tijhuis,  Andre Vatland

Innbyttar: Marius Søraas