ball

Underteikna har vore litt slakk med fyllepennen dei siste vekene og faktisk ikkje skrevet referat etter kampen me hadde mot Hundvåg 2 den 10 oktober. For å gjere dette forholdsvis kort og lesbart tek eg kun med hovudtrekka frå kampen me hadde på Hundvåg pluss litt tankar om kva som bør gjerast vidare.

For å ta det negative først så er det fleire faktorar eg vil peike på etter å deltatt for Suldal denne sesongen.

  1. Me er for dårlig trent. Trøkket mot dei beste laga blir for stort utover i kampen til at me rett og slett orkar å henge med.
  2. Brukar for mange spelerar i troppen til at vi får ei samla eining. Utan å ha talt over, så vil eg tru me har brukt over 30 ulike spelerar denne sesongen. Alle som har litt peiling veit at dette selvfølgelig ikkje er gunstig med tanke på lagbygging og struktur.
  3. Me har for mange som ikkje prioriterar å spele for Suldal, men får tillit gong etter gong sjølv om turen til Stavanger vert for lang når ein heller vil finne på andre ting.
  4. Speleteknisk er vi for dårlig. Å kunne ta imot ein ball bør vere elementært når ein skal spele seniorfotball.

Positive faktorar:

  1. Mange spelerar for prøve seg og me kan med god grunn kalle oss ein breddeklubb.
  2. Positiv og herleg gjeng som har ein munter og god tone sjølv om ting går litt på tverke.
  3. Bra potensiale om me skjerpar kvaliteten på ferdighet og kondisjon.
  4. Snart ny sesong der me skal rette på alt me gjer feil i årJ

Alle desse faktorane har spelt inn på fleire av bortetapa våre denne sesongen, så også mot Hundvåg 2. Dei er på den plassen me hadde sett oss som mål å ende innanfor denne sesongen, nemleg tredje plass. Sjøl om denne kampen var forholdsvis bra og prega av mange gode prestasjonar klarte me ikkje å heva oss det lille hakket som ville gitt oss poeng. Mål av erfjordbuane Sven og Hallvard gjorde sitt til at resultatet såg nokså bra ut tatt i betraktning av at me spelte borte mot eit av topplaga og at me var tvungen til å omstrukturera tidleg i kampen på grunn av skade etter ti minutt. Det er aldri gunstig sjølv om guten som kom inn gjorde ein bra figur.

Mål/assist

Hallvard/ kven la den siste pasningen før mål?

Sven/ Espen

Laget: Patrick Veerstand, Sven Kolstø, Johannes Wiegestrand, Tor Olav Berge, Erik Vaage, Torjus Steine, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Espen Josdal, Sindre Lorenzen, Jone Utbjoa.

Benken der alle fekk bra med speletid: Gjermund Halgunset, Tom Wærnes og Nils Arne Moe

 

Så over til kampen mot Tjensvoll som underteikna har friskt i minne både i tankar, men også i kroppen. Det var ikkje veldig tilfredsstillande å stå opp i dag tidlig på grunn av ulike trøkkar og 90 min spel for ein 34 år gammal kroppJ

Det var til slutt ein god gjeng som møtte opp i garderoben på Sørmarka Arena denne forholdsvis kalde fredagskvelden i oktober. Tor Olav og Simmen hadde verkeleg jobba og brukt alle sine overtalelsekort for å samla saman tretten karar som ville ha på seg den gulsvarte suldalsdrakten til siste kamp i Stvanger for sesongen.

I hovudtrenar Simmen sitt fravær var det Tor Olav som skulle ta seg av laget denne kvelden. Faktisk var det andre kampen på rad at underteikna hadde dette ansvaret, då Mr Bratland måtte jobba.

Mot Hundvåg 2 stilte me i ein 4-2-3-1 formasjon der me skulle ha to «sittjande» deffensive midtbanekrigerar til å danne ei forsvarsborg slik at me kunne sende fram angrepet vårt i ei tidlegare fase i krigen. Ved å stille med seks spelerar i deffensive roller var planen at me kunne la vingane og den offensive midtbanemannen få mindre deffensive oppgåver, men heller hjelpe spissen med dei offensive utfordringane. Dette gjekk ganske greit mot Hundvåg 2 og fristelsen vart då for stor til å ikkje bruke same formasjon i kampen mot Tjensvoll.

Nils Arne, Tor Olav, Tore Søraas og Christer danna ei rutinert forsvarsrekkje framfor Patrick som var målmann. Dei deffensive midtbanekarane Jone Utbjoa og Ørjan Underbakke skulle vera med å ta mange av forsvarsoppgåvene, mens Ingve, Erik, Espen og Hallvard danna den offensive delen av laget.

Underteikna syntes egentleg at første omgang gjekk ganske bra. Me produserte bra med sjansar, hadde så godt som full kontroll bakover og ein seier burde vera innan rekkevidde. Ein pasningsfeil frå ein forsvarar då laget var på veg oppover i banen førte likevel til at gutane frå Tjensvoll gjekk til pause med 1-0 etter at me ikkje klarte å komme tilbake på plassane våre i tide.

Ein kan i ettertid lure på kva me prata om i pausen og Tor Olav tenkjer også sitt om seg sjølve og kvifor me faktisk la om formasjonen til 4-5-1 i pausen. For det verka definitivt motsatt av det me hadde håpa.

Andre omgong skulle visa seg å utvikla seg til ein tragisk komedie iscenesatt av 11 suldalsspelerar og ein dommar som absolutt ikkje var med på notene dei siste førtifem minutta.

I dei fasane me hadde vore bra i første omgang gjorde me nå store feil i. Me mista ball, glød og vinnarlyst utan at underteikna heilt veit grunnen til dette. På 2-0 målet kunne vingen til heimelage spasere forbi fleire mann utan at nokon ville ta ballen frå han. Patrick i suldalsmålet var sjanselaus og målet var fortjent. Etter dette målet var det lille av lim som var igjen i suldalslaget borte og fleire spelerar hadde nok hovudet på feil plass enn på den grøne kunstgrasmatta.

Då dommaren prestere å gi dei for dagen svartkledde tjensvollguttane straffe etter ein duell med ein lett heimespelar og ein Tore Madland som gjorde alt rett, så var det god natt og snakkes neste sesong. 3-0 leiinga til Tjensvoll var aldri trua etter dette og me kunne konstatere nok eit bortetap i ein kamp der me burde og kunne vunne om hovudet var på rett plass og dei opplista faktorane i starten på innlegget var forbedra.

Som pedagog er det alltid viktig å finne dei positive tinga sjøl om det meste ser svart ut for så å bruke dette til neste kamp. I denne kampen kan ein brukbar første omgang, god garderobeatmosfære før og etter kamp og ein varm dusj trekkjast fram som positive ting. Får me opp trøkket og sjølvtillitten til neste sesong vil eg påstå at me bør reknast med som eit av topplaga. For me har mykje bra fotballfolk i troppen og gutsen er der om me bare finn den att.

Laurdag første november spelar me årets siste kamp, borte mot Hjelmeland. Ein kamp med to strekar under på terminlista før sesongen starta. Ein kamp der mykje meir enn tre poeng står på spel.Ein kamp me skal og bør vinne.

Beklager for at referatet vart lenger enn på førehand tenktJ

Laget: Patrick Veerstand, Nils A Moe, Tore B Søraas, Tor Olav Berge, Christer Hansen, Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Erik Vaage, Ingve Berge og Espen Josdal

Benken der begge fekk bra med speletid: Jone Gjertsen og Tore M Steine