Suldal høvla over Djerv 1919 i 80 minutt, og ga seg ikkje før det stod 8-1. Bare syltynn teori kan no fråta Suldal sitt 16-års-lag tittelen avdelingsvinnar i 2 divisjon avd 5. Tabellnabo Ølen kan kome opp a poeng med Suldal, men då må dei vinne sin siste kamp mot Falkeid med 20 mål samtidig som Suldal taper med same siffer mot Etne. Når ein veit at Suldal i snitt har sleppt inn 1 mål pr kamp til no i sesongen, treng ein ikkje vere statistikar for å forstå at sannsynet for at det siste skal skje er minimal.

Mot Djerv 1919 var det heimelaget som dominerte frå første spark på ballen. Allereie etter 2 minutt vart Tom Wærnes spelt gjennom, og åleine med keeper gjorde han ingen feil. Og det var starten på ein omgang der suldalsspissen fekk god utteljing: Etter eit snaut kvarter gjorde han 2-0 på same vis. Hat-trick-et vart fullført etter skoring på innlegg frå Ådne Jordebrekk, Men han ga seg ikkje før det stod 4-0 då han sette inn returen på eit skot frå Mikkel Wigestrand.

I andre omgang fortsette Suldal å male på. Gunnar Skålheim sette inn 5-0. Innbyttar Camilo Schibevaag frå G14-laget var heller ikkje beskjeden då han fekk sjansen på banen. Med eit godt rykk, ein presis skotfot og 2 mål sette han seg i respekt hos motstandarane. Sluttresultatet vart fastsett til 8-1 då Tom sette inn sitt 5. mål for kvelden.

Ein vel gjennomført kamp av eit suldalslag som består av mange gode enkeltspelar, men der det først og fremst er det gode samspelet som imponerer. Spelarar frå alle lagdeler er flinke til å hjelpa kvarandre og la ballen gå, slik at motstandarane vert springande mellom. Og dette maskineriet fungerer godt også om enkeltdeler må skiftast ut. I denne kampen måtte både kaptein Torjus Steine og Peterson Tijhuis ut med skade. Men erstattarane, som til dagleg spelar på G14-laget; Camilo Schibevaag og debutant Kentaro Indo, klarte seg svært godt. Camilo imponerte med godt offensivt arbeid, Kentaro som ein ballvinnar av rang. Sistnevnte var overalt på banen og dreiv bortelaget til vanvidd med sine kontante taklingar og aggressive spelestil. Tilveksten er med andre ord god, og det er ingen grunn til å tru at Suldal ikkje skal ha eit slagkraftig lag i G16-serien også neste år.

Sesongens siste kamp er borte mot Etne tysdag 28. okt.

 

Mål:

1-0      2 min              Tom Wærnes

2-0     14 min            Tom Wærnes

3-0      34 min           Tom Wærnes

4-0      39 min           Tom Wærnes

5-0      55 min           Gunnar Skålheim

6-0      65 min           Camilo Schibevaag

6-1      68 min           Djerv 1919 3

7-1      72 min           Camilo Schibevaag

8-1      75 min           Tom Wærnes

 

Lag:, Reidar Sand, Mikkel Wigestrand, Torjus Steine, Glenn Søraas, Odd Inge Austarå, Rodas Teklay, Isak Berge Espe, Gunnar Skålheim, Peterson Tijhuis, Ådne Jordebrekk, Tom Wærnes

Innbyttarar: Kentaro Indo, Camilo Schibevaag