Øyvind Gjuvsland vart toppskårar 2014.

I år var det fleire som fekk fart på skåringsfoten, det er ei stund sidan tre spelarar har runde tosifra antal mål. 

Øyvind Gjuvsland vart toppskårar i år, med 12 mål, og det på berre seks kampar. Det gir eit imponerande snitt på to mål pr kamp! Halvparten av måla skåra han i 10-0-sigeren mot Siddis 2. Seks mål i ein kamp har i alle fall ikkje underteikna høyrt om i Suldal.

På plassen bak plasserte Espen Josdal seg. Han fekk nettsus 11 gonger, mens Hallvard Erfjord putta 10 ballar i nota. Jone Utbjoa kan og vise til heiderleg innsats; ni mål frå midtbanen er bra.

Åtte spelarar skåra mellom 1-3 mål, totalt blei det 54 mål rett veg for Suldal i år.