Sander toppar ei ufullstendig assist-liste.

Denne statistikken er langt frå fullstendig. 

Ulikt frå tidlegare år, var det denne sesongen fleire kampar der referentane hadde meir enn nok med å få med seg kven som skåra måla. Å få med seg målgjevande i tillegg var bortimot ei umogleg oppgåve, særleg når referentane sjølv spelte kampane og hadde vanskeleg for å notere andre stadar enn bak øyret. 

Den nokså amputerte lista blir toppa av Sander Deilkås. Han brukte serverte fire gonger før han gav seg til sommaren. Spissduoen Hallvard Erfjord og Espen Josdal følgjer med tre kvar. Denne lista er det likevel ikkje verd å bruke mykje energi på, men ein imaginær diplom går til Sander!