Ein skulle tru at siste kamp for sesongen, bortekamp mot Hjelmeland på nytt kunstgras og håp om å revansjere tapet i vårsesongen ville vera ei vitamininnsprøyting etter tre strake tap. Ein skulle tru at den dårlege trenden og dei negative faktorane skulle snu. Det ein absolutt ikkje skulle tru var at eit pinleg tap mot eit moderat heimelag skulle vera eit faktum når dommaren bles av kampen.

Diverre var trua mot oss denne laurdagen i regnværet på Hjelmeland stadion. 4-0 hadde dei kvite naboane våre banka oss då me tusla slukøyra, våte og kalde ned i garderoben. Om ikkje dette var nok, så måtte me sittje å høyre at «dei himante» ropte taktfast H-J-E-L-M-E-L-A-N-D gjennom elendig isolerte vegger.

Me møtte opp, stod i ro, kjefta, slapp inn mål og reiste heim igjen. Godt det var siste kamp! Suldal sin beste mann og som var den einaste frå bortelaget som kunne gå med hovudet heva var Erik W Vold. Han varta opp med ei rekke superredningar, utan hjelp frå lagkameratar.

Meir om denne kampen har ikkje underteikna lyst å skrive. Så deprimerande er dette. Likevel kjem «dei harde fakta» frå kampen her:

Gult kort

Ingve

Laget: Erik W, Tommy, Tor Olav, Sven, Ingve, Erik Vaage, Ørjan, Jone Utbjoa, Espen, Hallvard, Øyvind

Benk der begge fekk speletid: Simmen og Andreas