IMG_0288Da tek skitreningane for dei yngste juleferie og vi takker for lånet av ein gjeng super ivrige og kjekke ungar denne hausten. Treningane starter opp igjen rett over nyttår og da vert treningane på Gullingen i lysløypa eller på skileiken til leirskulen kl. 18.00. Under kan du lese meir om programmet utover vinteren.

TRENINGANE: For 1-4 klasse vert det som sagt trening kvar tysdag på heio. Denne treninga vert lagt opp som skileik, så alle kan vere med uansett kor mykje dei har gått på ski.

SKIUTSTYR: Ein brukar det skiutstyret ein har. For dei yngste kan smørefrie ski fungere godt fordi dei da vil ha ski som ikkje glir bakover. Dei litt eldre i gruppa ynskjer gjerne å lære å skøyte og dette er vanskeleg på smørefrie ski. Eit par smøreski som ein bruker uten smøring når ein vil skøyte er da løysinga. Må ein kjøpe nytt skiutstyr (kjøp gjerne brukt) anbefaler vi kombisko. Desse kan ein både skøyte og gå klassisk med, og i tillegg fungerer dei godt på rulleski om sommeren (dei eldste, 3-4 klasse,kjem til å få tilbod om å prøve skigruppa sine rulleski til våren).

IMG_0482SKIRENN: I Suldal har vi ein fantastisk flott tradisjon med Skikarusellane på Gullingen der «alle» deltar. Skikarusellane i år vert måndag 26 jan, tysdag 10 februar, onsdag 25 februar og torsdag 12 mars. Alle renna startar kl. 18.00 og deltek ein på 3 av 4 renn får ein premie.

IMG_4806I tillegg bør ein sette av laurdag 7 feb. til Suldalsrennet. Her får alle som deltek premie.

I 1-4 klasse får deltakarane vite tida si, men dei vert ikkje rangerte. I denne alderen varierar ungane veldig i fysikk og teknikk, så i staden for å fokusere på kor fort andre gjekk, kan det vere fint å til dømes ha som mål å slå si eiga tid frå førre løp.

Treng du smøretips til klassisk renna så spør nokon med Suldal IL på ryggen. Er det nokon som er så ivrig at dei vil gå skirenn og utanfor Suldal så anbefaler vi dei næraste skirenna som er Korlevoll 2 juledag, Røldal 3 juledag og Saudasprinten 17-18 januar. IMG_6080

Da ynskjer vi alle ei riktig God Jul og ser fram mot ein strålande skisesong !