ball

Det er snart eit nytt år, og dermed ein ny fotballsesong. Det er tid for å melde si interesse for spel.

Interesse viser de ved å møte opp på trening, både i Suldal og Stavanger, samt på treningshelger framover.

Første trening blir på Vinjar/Prestavikjo måndag 5. januar kl 20.00. Ta med utstyr både til å vere ute og inne. Er det høve til å vere ute, så er me det. Viss ikkje, blir det ei økt i gymsalen.

Morten Jelsa er, som dei fleste nok har fått med seg, ny trenar. Han ønskjer å legge opp til hyppige treningssamlingar i vinter og vår. Første samling blir laurdag 10. januar og søndag 11. januar. Her er det vel møtt for alle som vil ta del i a-laget i år. Klokkeslett og oppmøtestad kjem når det nærmar seg, men sannsynlegvis blir dette i Suldalshallen. Etter dette er planen at det blir treningssamlingar omlag annan kvar helg, dersom hallen er ledig.

Følg med her på heimesida, og på Facebook-gruppa til Suldal A-lag.