Vinnarlaget: Isak Berge Espe, Ingve Berge og Ingvald Sandvik Halgunset

Sjølv om kalenderen viste 2015 denne fredagen, så kallar me bataljen som gjekk føre seg i gymsalen for Nyttårsturnering 2014. 

Nok ein gong var det Svein Øystein Berge, med assistanse frå Dagfinn Havrevoll, som skipa dette i stand. God oppslutnad gjer at det er kjekt å arrangere dette år etter år. Heile ti lag, og dermed tretti spelarar møtte opp og sveitta av seg kaloriene frå julefeiringa.

Som alltid vert laga trekte av arrangøren, noko som er med og skaper spenning og alltid ei uvisse om kven som kjem til å gå av med sigeren. Underteikna var ikkje til stades, men reknar med at det var nok av taklingar, duellar, tilfeldigheiter og ikkje minst gode prestasjonar dette året og.

I år var det ingen lag som gjekk gjennom turneringa utan tap, men vinnarlaget var og det laget som tok flest poeng i gruppespelet. Det var nok derfor fortent siger til Isak Berge Espe, Ingvald Sandvik Halgunset og Ingve Berge. Sidan finaleresultatet blei heile 7-1, skulle det ikkje vere tvil om det. Likevel måtte dei gjennom sudden death, eller plustseleg død som det heiter på nynorsk, i semifinalen.  Motstandarane i finalen var Lag 7 med Hallvard Erfjord, Lars Tveit Lavalette og Dagfinn Nærheim. Dei vann gruppa si på målforskjell, men kom seg gjennom semifinalen med 2-0-siger.

Bronsefinalen gjekk mellom Lag 4 (Knut Nærheim, Tommy Espe, Nils Arne Moe) og Lag 10 (John Herman Aas, Øyvind Gjuvsland, Torbjørn Indrebø). Her måtte det og sudden death til før Lag 10 stakk av med bronsemedaljen.

Vidare nedover finn de laga og tabellar/sluttspelresultat. God innsats av spelarar og arrangørar!

Topplasseringar:

 Lag 5 - nr 1 1. plass: Lag 5

Isak Berge Espe

Ingve Berge

Ingvald Sandvik Halgunset

 Lag 7 - nr 2 2. plass: Lag 7

Dagfinn Nærheim

Lars Tveit Lavalette

Hallvard Erfjord

 Lag 10 - nr 3 3. plass: Lag 10

Øyvind Gjuvsland

John Herman Aas

Torbjørn Indrebø

 Lag 4 - nr 4 4. plass: Lag 4

Knut Nærheim

Tommy Espe

Nils Arne Moe

Lag:

Lag 1 Lag 6
Sveinung Steine Ingve Landsnes
Odd Inge Austarå Neri Fisketjøn
Sander Deilkås Darko Filipovic
Lag 2 Lag 7
Gjermund Sandvik Halgunset Hallvard Erfjord
Glenn Sørås Lars Tveit Lavalette
Sindre Lorentzen Dagfinn Nærheim
Lag 3 Lag 8
Tom Fisketjøn Wærnes Erik Walter Vold
Reidar Hagen Tor Inge Bråtveit
Torjus Steine Simmen Bratland
Lag 4 Lag 9
Knut Nærheim Ørjan Underbakke
Tommy Espe Tim Sparcholz
Nils Arne Moe Vegard Natland
Lag 5 Lag 10
Isak Berge Espe John Herman Aas
Ingvald Sandvik Halgunset Øyvind Gjuvsland
Ingve Berge Torbjørn Indrebø

Resultat:

Gruppe 1 Vunne Uavgjort Tap Målforskjell Poeng
Lag 5 3 0 1 7-3 9
Lag 4 2 0 2 8-6 6
Lag 1 1 2 1 3-4 5
Lag 2 1 1 2 6-6 4
Lag 3 1 1 2 6-11 4
Gruppe 2 Vunne Uavgjort Tap Målforskjell Poeng
Lag 7 2 1 1 6-2 7
Lag 10 2 1 1 5-3 7
Lag 9 2 1 1 3-2 7
Lag 6 2 2 7-5 6
Lag 8 0 1 3 3-12 1
Semifinale 1
Lag 5 Lag 10
1 0 etter sudden death
Semifinale 2
Lag 4 Lag 7
0 2
Bronsefinale
Lag 10 Lag 4
2 1 etter sudden death
Finale
Lag 5 Lag 7
7 1