Framme frå venstre: STAS-Aina, Pieterson, Thomas Jelsa, Gunnar Skålheim, Jone Utbjoa, Hallvard Erfjord, Ørjan Underbakke, STAS, Ingve Berge, Tor Olav Berge Bak frå venstre: Morten Jelsa , Andreas Groven, Øyvind Gjuvsland, Espen Josdal, Torjus Steine, Sven Kolstø, Tom F. Wærnes, Patrick Weerstand, Jon Bråtveit

Framme frå venstre: STAS-Aina, Peterson Thijhuis, Thomas Jelsa, Gunnar Skålheim, Jone Utbjoa, Hallvard Erfjord, Ørjan Underbakke, STAS, Ingve Berge, Tor Olav Berge
Bak frå venstre: Morten Jelsa , Andreas Groven, Øyvind Gjuvsland, Espen Josdal, Torjus Steine, Sven Kolstø, Tom F. Wærnes, Patrick Weerstand, Jon Bråtveit

I helga var 15 spelarar samla til første treningshelg. Dette gjekk føre seg i Suldalshallen.

Laurdagstreninga var delt i to ulike økter. Den første økta var tradisjonell fotballtrening med pasningsøvingar, teknikk og ei miniturnering på små mål. Når denne økta var over, hadde Morten Jelsa ei overrasking på lur, nemleg ei styrkeøkt type basisball. Dette er ei treningsform der ein ved hjelp av ballar med handtak på , eigentleg nokre fancy vekter, utfører ulike øvingar som tek godt på dei fleste muskelgruppene. Dette er ikkje noko verken Morten eller hjelpetrenaren er vidare ekspertar på, så Stas lånte ut to instruktørar til å ta denne økta. Fotballspelarane var til å begynne med noko reserverte, men dei vart godt varme i trøya etter kvart. Det merkast neste dag at ein hadde brukt muskler ein ikkje visste ein hadde!

Dette er då ikkje fotball...?

Dette er då ikkje fotball…?

Søndag var det ny økt i Suldalshallen. Denne dagen gjekk med til vanleg fotballtrening. God stemning, og støle bein. Om fjorten dagar er det tid for ny samling. Møt opp!

Sjå video: Suldal a-lag på basisball.