fotballkamp

Nå er endeleg tida for treningskampar her igjen. I år, som i fjor var det Sauda som stilte opp som vår sparringpartner denne litt gufne dagen på det grøne kunstgraset i Sauda.

Etter at Simmen takka av som hovudtrenar etter fjorårets sesong var det nå Morten Jelsa som skulle vera den som la opp kampplanen til den første kampen i 2015. Me gjekk ut i ein 4-4-2 formasjon der tempo skulle vera hovudfokus. Resultatet etter denne kampen kom i andre rekke, det viktigaste var spelet vårt og korleis me fungerte saman som eit lag. Kampen vart spela i tre omgangar der kvar omgang var 30 minutt.

Sauda ligg ein divisjon over oss og skal i bunn og grunn vera ei tøff nøtt for oss. Likevel var det Suldal som kom best i gong. To gonger den første omgongen kom bortelaget gjennom eit saudaforsvar som tydeleg ikkje hang saman. Begge gongene var spissane våre effektive og sette kvart sitt mål. Godt å få både Hallvard og Øyvind i gong. Første omgong var prega av at dette var ein treningskamp.. Etter mange taklingar og mykje kjemping kunne Suldal gå til pause med 0-2 leiing.

I pausen vart det gjort ein del bytter hjå bortelaget. Dette var også den omgongen me presterte dårlegast denne dagen. I takt med været spela me sur fotball med feilpasningar og lite bevegelse. Sauda fekk også si velfortjente redusering i denne omgongen. Då dommar bles av til ny pause var det framleis leiing til bortelaget, men nå 1-2.

Det vart også gjort nokre byter i siste omgong. Sjølv om me i denne omgongen slapp inn to mål var det likevel ein spelemessig opptur frå den forrige omgangen. Mykje kjemping, bra bevegelse og gode løp gjorde sitt til at me kom til ein del gode angrep. Nokre av desse angrepa enda i hjørnespark der me var nære mål fleire gonger. Sauda viste seg likevel å vera meir kliniske framfor mål og kunne gå av banen som seierherrar ved kampslutt.

Alt i alt ein grei kamp av oss. Me har mykje å byggja vidare på, men likevel fortsatt ein god del å rette på. Heldigvis har me god tid til seriestart som er i midten av april.

Mål: Hallvard og Øyvind