På nybrøyta bane i Prestavikjo tok Suldal imot Hjelmeland til treningskamp.
I 2014-sesongen vart det to tap mot naboane i sør, så det var godt å dra heim sigeren i dag, sjølv om det var treningskamp.
Det var absolutt Suldal som kom best i gong, dei første tjue minutta var vår målvakt Ingve Berge knapt borti ballen. I andre enden sørga ein svært god keeper hos Hjelmeland for at det likevel ikkje vart nettsus. Suldal var i starten flinke til å bruke sidene, og spesielt venstresida med Tom Fisketjøn Wærnes og Peterson Thijhuis dominerte. I denne perioden burde heimelaget absolutt ha fått både eitt og to mål. Slik vart det ikkje, for etterkvar kom Hjelmeland meir med. Midtstoppar Sven Kolstø måtte trø til med ein strålande sklitakling for at me skulle unngå baklengs, men på ein dødball (hjørnespark?) var dei tøffare enn suldølen og ballen for i mål. Me har litt å jobbe med både i eigen og motstandaren sitt straffefelt.
Etter målet, tok Suldal over igjen og kjempa seg mot slutten til eit straffespark då ballen traff ein motstandaren i armen. Krystallklare meldingar frå lagleiar Morten Jelsa på sidelinja førte til at Øyvind Gjuvsland tok straffen som kaptein Jone Utbjoa eigentleg fekk beskjed om å ta. Same kan det vere, Øyvind sette ballen sikkert i mål rett før pause.
Om første omgang var ein underhaldande omgang med mykje bra spel, så vart i alle fall første halvdel av andre omgang eit gjesp der begge lag slepte seg nedpå. Her var det lite struktur og konsentrasjon, og ein kunne sjå det var tidleg i oppkøyringa til sesong. Morten tok grep frå sidelinja, og utover i omgangen kom det seg. Erik Vaage kom åleine gjennom etter ein flott pasning frå Ørjan Underbakke, men sette ballen på keeper. Elles for ballen like utanfor treverket fleire gonger i begge omgangane. Til slutt var det Inge Hjorteland som fekk avgjere då han på eitt av sine mange løp frå backposisjon drog til på volley. Volleyen vart vel berre halvvegs, men ballen trilla nå i mål. Eit knepent tap i første treningskamp mot Sauda blei dermed ein knepen siger mot Hjelmeland.
Det unge suldalslaget viste i periodar godt spel, spesielt kjekt å få til eit godt spel på kantane. På det beste var me gode, og så var det nokre periodar der konsentrasjonen og presisjonen svikta. Endå meir av det første, mindre av det siste og vips så styrer meg heile kampen. Hadde det vore så lett… Vel blåst, og eit godt utbytte av kampen.
Fakta:
Mål:
26 min: 0-1: Hjelmeland
45 min: 1-1: Øyvind Gjuvsland (str)
75 min: 2-1: Inge Hjorteland
Lag:
Ingve Berge – Mikkel Wigestrand, John Herman Aas, Sven Kolstø, Tom Fisketjøn Wærnes – Erik Vaage, Torjus Steine, Jone Utbjoa, Peterson Thiljhuis – Øyvind Gjuvsland, Hallvard Erfjord
Innbyttarar: Christian Smithson, Inge Hjorteland, Ørjan Underbakke.