Nøyaktig ei veke etter siste skikarusell er fotballsesongen i gang for alvor i Suldal. G16-laget tok i mot Sveio i serieopninga torsdag kveld. Og Suldalsgutane er i rute. Sluttresultatet 8-0 seier det meste om ein kamp der Suldal hadde full kontroll frå start til slutt. Og like mykje som alle måla varma spelet Suldal viste. Litt rusk i fotballmaskineriet må ein vente på denne årstida, men heimelaget spela klokt i alle ledd og slapp ikkje motstandarane til med ein skikkeleg sjanse i løpet av kampen. Midtbane og angrepsspelarar jobba og sleit i 80 minutt. Med fart, presisjon og duellstyrke jobba Suldal som eit lag. Ein vel gjennomført kamp!

 

Neste kamp er borte mot Ølen torsdag 26. mars.

 

Mål:

1-0      6 min              Gjermund S. Halgunset

2-0     16 min            Glenn Søraas

3-0      45 min           Kentaro Indo

4-0      47 min           Gjermund S. Halgunset

5-0      52 min           Rodas Teklay

6-0      54 min           Kentaro Indo

7-0      72 min           Gjermund S. Halgunset

8-0      78 min           Gjermund S. Halgunset

 

Lag:, Marius Søraas, Håvard Fatnes, Matheusz Kolanowski, Mats van Ruiven, Tom Wærnes, Torjus Steine, Glenn Søraas, Isak Berge Espe, Gunnar Skålheim, Camilo Schibevaag, Gjermund S. Halgunset,

Innbyttarar: Kentaro Indo, Rodas Teklay, Jostein Hindenes, Knut Nærheim