ball

G-16-laget har alt spelt den første kampen sin og slo til med siger 8-0!

De finn terminlistene til laga våre på fotball.no sine sider. Sjå lenkjene lenger ned i saka. Her kan de klikke dykk vidare inn på tabellar og resultat.

Desse lenkjene vil de finne i menyen til venstre. Det vil bli laga tradisjonelle samlesider for kvart lag etter kvart med lenkjer til referat, men nett nå er nettansvarleg litt travel. Derfor blir det ein forenkla løysing i alle fall fram til mai. Underteikna skal studere sørlegare grasmatter, og sjekke ut om taktikken i Sør-Italia kan vere noko å ta med seg heim!

Terminliste G14 2.div. avd.02. Suldal startar borte mot Sveio 20/4. Første heimekamp er 27/4 mot Etne.

Terminliste G16 2. div. avd.02. Første kamp vann laget heime mot Sveio 8-0. Neste kamp er borte 26/3 mot Ølen.

Terminliste a-lag 6. divisjon avd. 2. Første kamp er borte mot Paradis 10/4. Så ny bortekamp før første heimekamp mot Forus og Gausel 2 25/4.

Terminliste a-lag 7’er-divisjon avd. 04: Alle kampar går i Stavanger. Første kamp mot Vidar 4 den 30/4.