paradis

Etter at fotballkjempen frå Hadli tok valget om å gi seg som trenar for seniorlaget til Suldal, var det den driftige jelsabuen Morten som tok over roret på den gul-svarte skutå. I heile vinter har det vore treningar og treningskampar der Mr Jelsa har kunne forme sitt lag og innprente sin tydelige filosofi.

Treningskampane har vore greie og trua er god på at Suldal sitt seniorlag vil gjere ein god sesong i sjette divisjon avdeling to.

Etter mykje krangling rundt terminlista fekk me på plass alle kampane, men for å få det i hop måtte Suldal sin kamp mot Paradis begynne veka før dei andre laga skulle i aksjon. Fredag 10 april vart datoen og Morten sine disiplar var klare til kamp mot opprykksfavoritten Paradis frå Storhaug.

Fjorårets møter mot Paradis vart målrike der me vant 7-5 i Prestavikjo og gjekk på ein kjempesmell på Midjord der me vart sende heim i skam og eit 8-0 tap i bagasjen.

Midjord ligg på Storhaug og er eit kommunalt anlegg med to kunstgrasbanar som vert benytta av idrettslaga Brodd og Paradis. Tidlegare har me jo også spelt kampar mot blant anna Ild på denne banen. Den banen me skulle spele på denne fredagen er ganske liten og litt uvant for oss. Dette kan og var ein av årsakene til at me har gått på ein del smellar her. Kampen mot Paradis skulle likevel vise seg å kunne vere eit vendepunkt for akkurat dette.

Utan seniormålvakt var det den unge sandsbuen, Marius Søraas som skulle få jobben mellom stengene, mens eit nykomponert forsvar bestående av suldølen Tom Wærnes og jelsabuen Thomas Jelsa på backane og to erfjordbuar i form av Sven Kolstø og John Herman Aas skulle hindre Paradis å score mål. På midtbanen spelte sandsbuen Christian Smithson og suldølen Ingve Berge på vingane mens suldølen Torjus Steine og kapteinen Jone Utbjoa (som og er å rekne som suldøl) skulle kriga sentralt. På topp forma erfjordbuane Hallvard Erjord og Erik Vaage ein spennande duo. Benken var krydra med suldølen Ørjan Underbakke, erfjordbuen Gjermund Halgunset, sandsbuen Mikkel Wiegestrand og erfjord/jelsabuen Espen Josdal.

Første omgang vart prega av mykje duellar og lite finspel. Enkelte av taklingane var av det voldsome slaget, noko den unge keeperen til Suldal fekk erfare etter han hadde gjort fine inngripner.  Paradis skal være glad for at dei kunne fullføre kampen med elleve mann etter ikkje bare ein, men to seine angrep på keeper. Marius fekk verkeleg merka seniorfotball på den vonde måten. Han måtte etter kvart gå av banen og keeperplassen vart overteken av anvendelige Ingve, som stod resten av kampen. Inn på banen for unge Søraas kom Mikkel og spelte resten av kampen. Det skulle også komme to mål i kampens første omgang, men underteikna var å henta medisinskrin og fekk ikkje med seg at Paradis gjekk opp i leiinga etter ca 15 min. Rapportene seier at det var ein uheldig John Herman som var sist i ballen. 1-0 til heimelaget var ikkje overraskande, men måten det skjer på var av den kjedelege sorten. Dette var ein jamn kamp med mykje duellar og lite finspel, men Suldal var likevel vassast og det var ikkje ufortjent at dei gul/svarte fekk ein noko billig straffe etter vel 20 min. Kapteinen vår, Jone gjekk sjølvsikkert fram og sette ballen bak ein utspelt paradiskeeper. 1-1 er eit greit resultat sett første omgang under eitt. Ingen av laga hadde spesiellt mykje sjansar og ballen var ikkje lenge i nokon av laga før motstandar overtok. Ingen underhaldande omgong, men ein veldig positiv omgong sett med suldalsauger.

Andre omgong fortsatte som første var. Lite finspel, men suldalsgutane låg fint i formasjon og nekta dei grøne frå Storhaug rom å springe i. Spesiellt den sentrale midtbanen til Suldal drepte mykje av det kreative som me veit bur i gutane frå storbyen. Etter vel tjue minutt viste Torjus magi i det han storma framover med ball i beina. Med utsida av foten fekk han skrudd ein delikat og vekta pasning rundt forsvaret til Paradis. På bakre stolpe kom Erik og plasserte ballen sikkert i mål med innsida av høgrefoten. Strålande angrep, strålande prestasjonar. På dette tidspunktet av kampen var det fortjent at Suldal gjekk opp i leiinga. Ikkje at suldølen hadde bombardert motstandarmålet med så mange sjansar, men banespelet hadde gjestane overteke og det var meir trøkk i unggutane frå kraftbygda. Spikeren i den berømte kista var det også studenten frå Erfjord som skulle sette. Etter å ha krangla med seg ballen bestemte Erik seg for at eit skudd frå vel atten meter kunne vera smart. Han brende til og ballen sneik seg bak ein målvakt som om ein skal vere litt kritisk, burde klart å hindre mål. Likevel ei noko overraskande, men ikkje ufortjent 3-1 leiing til Morten sine gullguttar. Dette resultatet stod seg til dagens gode dommar bles av kampen. Ein god sesongstart var eit faktum.

Konklusjonen er vel at Suldal stod løpet ut og ligg godt i formasjon. Dei nektar motstandar å spele sitt spel, noko som er viktig i fotball. Det er ein del som kan bli betre, men dette er ein seier det smakar godt av. Nå er det bare å ta med seg den gode følelsen heim til Prestavikjo til kamp mot Vaulen 2, laurdag 18 april klokka 14.30

Mål/assist

Jone

Erik/ Torjus

Erik

Laget: Marius Søraas, Tom Wærnes, Sven Kolstø, John Herman Aas, Thomas Jelsa, Ingve Berge, Torjus Steine, Jone Utbjoa, Christian Smithson, Erik Vaage, Hallvard Erfjord

Benk der alle fekk speletid; Mikkel Wiegestrand, Gjermund Halgunset, Espen Josdal og Ørjan Underbakke