Det var ein kald trekk på Lassa denne onsdagen seint i april. I kampen mellom Suldal 2 og Vidar 4 var det heller ikkje så mykje som varma, men enkelte periodar viste Suldal 2 at me skal bli vanskelege å slå i år.

I rogalandsfotballen virkar det som at det er fleire og fleire som satsar på 7 er fotball. Det er ikkje lenger slik at ein kan slenge seg med utan å trene slik det kanskje var før. Nå må ein verkeleg stå på og spele god fotball for å få noko ut av kampane. Me i Suldal er litt i startgropa med vårt lag. Det er ikkje nytt at Suldal har hatt eit 7 er lag, men mange av spelarane som var med før har enten ikkje tid eller lyst å vere med meir. Me har likevel vore ei fin gruppe som jevnt og trutt har trent saman, med enkelte «slengarar» innimellom. Det laget som stilte mot eit sterkt Vidar 4 lag onsdag 29 april var stort sett denne gruppa som hadde trent saman i heile vinter.

I 7 er fotball spelar me med ein keeper og sekst utespelarar, me valde også å ha tre innbytarar slik at me heile tida er på tå hev. Laget som starta var Svein Egil i mål, Tor Olav og Tore M Steine i forsvar, John Herman som eit anker på midtbanen, Eirik som er ny spela høgre kant, Torstein på venstre kant og Erik i ei offensiv midtbanerolle. Hallvard, Jone Gjertsen og Audun starta kampen med på sidelinja. Planen er å ligge kompakt slik at motstandard får lite rom, men ved hjelp av offensiv trøkk ta motstandar i ubalanse når vi vinn ballen.

I denne kampen føler underteikna at me låg fint i formasjon heile tida, men at me har ein del å jobbe med i det offensive. Me MÅ ha meir bevegelse, me MÅ få ballen til å gå fortare og me MÅ ikkje springe med rygg mot ball. Alt dette er ting som me kan og skal bli bedre på. Får me dette til med same spelargruppa som me er nå vil dette bli bra. Det vart eit 2-1 tap i første kampen for sesongen. I ein kamp der me ser glimt av at me har noko på gong vil underteikna trekkje fram målmann, Svein Egil som bidrok med godt prat, strålande redningar og trygghet bakerst. Ein ser tydeleg kor viktig det er å ha ein god mann i mål på 7 er, der ballen går fort og det er mykje trøkk mot mål.

Vidar 4 får med seg ein seier i denne kampen, som er grei nok, men me har og sjansar til å avgjer dette til vår fordel. Målet vårt er det John Herman som står for. Eit fint skot til høgre for keeper var utligninga etter at Vidar 4 noko heldig hadde fått eit mål like før. 2-1 målet kom etter mykje klabb og babb i den gul/svarte målgården. Dei siste 10 minutta prøvde me å kjøre på for å score, men Vidar 4 klarte med fysisk spel og udyktighet frå oss å ri dette i land.

Det er kjekt å komme i gang med serien og me ser fram til neste kamp mot Øyane onsdag 6 mai. Takk til dommaren for kvelden, Sindre M Steine. Vel blåst.