Etter mykje usikkerhet rundt 15 årslaget i løpet av vinteren, var me likevel klar til årets første kamp som gjekk på heimebane mot naboane frå Sauda.

Kampen gjekk på Eide på Sand på ein flott bane. Alt låg til rette for ein fin fotballkveld. Og det vart det….. Sand/Suldal laget tok fort tak i kampen og dominerte banespelet, utan at det vart så stor utteljing. Gjekk likevel opp i fortent 1-0 leiing.

Ut i omgangen kom Sauda på eit sporadisk angrep, og etter innlegg fekk ein saudaspelar tåa først på ballen, og dermed utlikning til 1-1. Rett før pause gjekk Sand/Suldal opp i fortent pauseleiing til 2-1.

2. omgangen fortsette laget å pressa Sauda over på defansiven, og Lars Kristian i mål hadde ikkje mange ballberøringar. Overtaket måtte gi resultat, og når kampen var slutt stod det 6-1 til heimelaget. Fullt fortent seier, og ikkje eit mål for lite.

Totalt sett ein overbevisande kamp, som viser at det bur mykje i dette laget. Det blir spennande å sjå fortsetjinga.

Desse spelarane var med: Sindre O., Fredrik, Lars Kristian, Øystein W., Dagfinn, Mads, Andreas, Christer, Ingvald, Jon Herman, Ingve, Vegard, Øystein N., Sindre L.

Målscorarar: Sindre L. 2 Øystein 1 Fredrik 1 Vegard 1 sjølvmål 1

Referent: Svein Øystein