Etter 2 knepne heimetap, mot Vaulen 2 og Forus, vippa resultatet endeleg Suldal sin veg. Men det såg lenge ut til at poenga skulle havne i Stavanger også denne gongen. Først det siste kvarteret vakna laget for alvor og fekk etter kvart betaling i form av to skoringar og tre poeng.

I ein rotete 1. omgang tok Hundvåg leiinga på sin første skikkelege sjanse i kampen. Suldal mista ballen på veg framover. Hundvåg oppfatta sistuasjonen raskt og spelte ballen ut på kant. Det presise innlegget vart heada i mål inne ved stolpen før Suldalsforsvaret rakk å organisera seg. Manglande presisjon både i pasningsspel og avslutningar, gjorde at Suldal ikkje makta å kvittere før pause. Mange angrep enda i balltap før den siste avgjerande pasninga nådde spissane. Ofte skuldast dette at ballførar slapp pasninga for seint.

Etter pause tok Suldal meir og meir over banespelet. Og etter kvart steig temperaturen på banen gradvis over dei 3 gradene og sluddbygene som var i lufta. Medan første omgang gjekk fint og pynteleg for seg utan at dommaren hadde kortstokken framme, trødde både Suldal og Hundvåg hardare til etter pause. Men avslutningane til heimelaget var framleis for veike, og det såg etter kvart ut til at kampen skulle enda med nok eitt eitt-målstap for Suldal.

Men eit par bytter og omlegging til 3 mann bak endra på dette. Hundvåg vart etter kvart baktunge, og hadde tydelegvis sprunge i frå seg for i dag. Eit laust tilbakespel vart snappa av innbyttar Gjermund. Åleine med keeper gjorde han ingen feil. Suldal fortsette presset etter skoringa. Hundvåg hadde lite og ingenting å by på, og like før slutt vart eit presist frispark frå Ingve plassert i nota av same målskorar.

Spelemessig har me vel sett Suldal betre, men laget viste vilje til å jobba til siste sekund, og fekk fortent nok betalt til slutt.

Mål:

0-1      20 min           Hundvåg 2

1-1     75 min            Gjermund S. Halgunset

2-1      85 min           Gjermund S. Halgunset

 

Gule kort: Lars Lavalette, og Isak B Espe? Suldal, Hundvåg 2: 1 gult

 

Laget: Sveinung Steine, Mikkel Wigestrand, John Herman Ås, Isak B Espe, Christian Smithson,, Ingve Berge, Jone Utbjoa, Erik Vaage, Lars Lavalette , Espen Josdal, Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Peterson Tijhuis, Gjermund S Halgunset, Glenn Søraas, Ørjan Underbakke