Kalenderen viste den siste fredagen i mai då det unge mannskapet til Morten Jelsa reiste til Stavanger for å måle showkrefter med botnlaget, Siddis 2 på « Siffen»- stadion. Også i fjor møtte me dette laget og henta seks forholdsvis lette poeng over to kampar. Om det var dette som stod i hovudet på Morten sine utvalgte eller om de rett og slett ikkje var klar for kamp vites ikkje, men eit eller anna var grunnen til at denne kampen vart ein litt flau opplevelse.

Kampen

Underteikna kom til kampen då den var om lag seks minutt gammal. På desse minutta hadde heimelaget klart å sette ein ball bak den unge målmannen, Marius. Denne leiinga skulle likevel fort verta utligna av Espen Josdal, som lett kunne sette ballen i mål etter fint spel og innlegg frå venstresida. Gleda skulle likevel vera kortvarig for då bohemlaget frå «byn» begynte å trykke på var det bare eit tidsspørsmål før nok eit baklengs var eit faktum for dei langveisfarande frå Suldal. Etter dette målet svinga det litt fram og tilbake, men med eit lite overtak for heimelaget. Gleda var likevel stor på sidelinja når Hallvard breisida ballen fint i mål. 2-2 og håpet var tent på nytt. Vi skulle likevel gå til pause med nok eit mål i «sekken». Fortjent nok scora Siddis 2 sitt tredje mål denne omgangen før dommaren bles av.

I pausen ville Morten ha meir «drive» i spelerane. Ta dei enkle valga og få opp trøkket. Det vart og gjort eit par byter der ein småsjuk John Herman vart erstatta av Pieterson og Mikkel gjekk ut til fordel for Lars.

Morten hadde etterlyst «drive» og betre spel til kampens andre omgang, men fekk det totalt motsatte. Me var ikkje spesiellt gode i første omgang, men andre omgang var rett og slett forferdelig. I løpet av dei neste tretti minutta måtte dei gul/svarte sjå ytterligare seks ballag gå i mål. Skylda for dette må gå til låg moral og feilvalg på feilvalg. Ni mål til heimelaget og to til bortelaget var fasiten då Erik sendte i vei eit langskudd. Ein ellers så god heimekeper, som likevel burde sett det raude kortet tidlegare i kampen måtte sjå ballen trille bak seg til 9-3. Kampen enda med dette resultatet og me hadde fått ei lekse me bør ta lærdom av.

Læringsprosess

Etter siste referat mot Havørn 2 der underteikna påpeika ein del faktorar som gjorde at det blei tap den gongen. Denne kampen mot dei rosakledde frå storbyen var det akkurat det same som skjedde. Suldal er inne i ein periode der det kan bli vanskeleg å vinne bortekampar om ein ikkje tar tak i seg sjøl ganske fort. Dette mannskapet er ungt og treng erfaring for å møte mange av laga i 6 divisjon og dei må få tid til å få denne erfaring gjennom spel. For å dra inn litt utenlandsk vil setninga «learning by doing» spele ei stor rolle i streben etter å tilegne seg dei egenskapene som må til for å hevde seg i disvisjonen. Fella ein kan ha gått i, men som ein bør klare å unngå er å tru at ein er uovervinnelig. Kampen mot Havørn 2 var dårleg, kampen mot Hjelmeland var etter rapportane bra, så kom heimekampen der Madla 2 ikkje klarte å stille lag. Etter ein god kamp var altså kampen mot Havørn 2 gløymd  og me fekk eit stygt tap i «trynet»

Ny kamp

Til neste kamp mot Sunde 2 laurdag den 13 juni bør gutane stille til kamp med nytt mot, men for all del ikkje gløym ingrediensene som skal oppi ei vinnaroppskrift. Morten tek nok tak i dette på treninga framover og underteikna er sikker på at laget vil bli betre med jelsakaren ved roret.

Mål/assist

Espen/ Hallvard?

Hallvard/?

Erik/?

Laget: Marius, Mikkel, Sven,Torjus, Isak, Ingve, Erik, Jone, John Herman, Espen og Hallvard

Benk der begge fekk speletid: Pieterson og Lars