DSC_0240Da har Suldalsgutane vore på Danacup med G14 og G16. Mykje god fotball og mykje triveleg sosialt. G14 tok seg til A sluttspelet og det er det fleire år sidan sist Suldal har klart. G16 gjekk til B sluttspel etter noko varierande spel i innledande runder. Spelet tok seg opp i sluttspelet og her tok dei seg til 8 -delsfinalen.

Ein stor gjeng med supporterar hadde me og med og det satte me pris på. Ein ekstra takk til Ola som kjørte oss heile vegen, og sjølvsagt til Morten og Tommy som velger å bruke så mykje tid og krefter på oss.

 

G 14 hadde tre innledande kampar i si gruppe og hadde lett motstand i første kamp. Der vart resultatet 8-0 til Suldal, og dette skulle vise seg å bli viktig. I neste kamp mot Byåsen gjekk me på eit tap og da var det berre seier eller uavgjort mot Lindö FF frå Sverige som holdt.

I første omgang mot Lindö spelte gutane rett og slett god fotball, og etter eit godt forarbeid av Håvard satt Hallvard ballen i mål. Lindö måtte lettere sjokert gå til pause med eit mål imot. I andre omgang fallt spelet til Suldal litt, men alle spelerane kjempa som løver heile vegen. Til slutt kom utlikninga frå Lindö, men med betre målforskjell var det Suldal som gjekk til A sluttspel (vi gratulerer imidlertid Lindö med finaleplass i B sluttspelet) I A-slutspelet hadde vi første kamp mot Gjokova KF. Me ante at dei var gode med ballen og forsterka forsvaret, men dei vart rett og slett for sterke. Mot slutten av kampen kom Suldal litt meir med, men klarte ikkje å få ballen i mål. Resultatet vart 5-0 til Gjokova og Danacup var over for G14.

G16 fekk to tap og ein uavgjort i dei innledande runder og havna på tredje plass i si gruppe. I tillegg  gjekk me videre med berre ein keeper etter at Marius knakk kragebeinet i siste innledande kamp. I B sluttspelet starta me med eit lokaloppgjør mot Midtbygdens IL frå Tau. Me har møtt dei før, og meinte me burde kunne vinne, men for å halde på spenninga for publikum valde Suldal å vente til sekunder før slutt før dei skåra. Den neste kampen var 16 delsfinale mot Elverum. Her hadde me spelemessig overtak nesten heile vegen, og til slutt satt ballen og i mål. Belønninga var tidleg i seng for å stå opp kl. 05.45 for å rekke 8 -delsfinale mot Jahn Schneverdingen TV frå Tyskland. Her rauk me desverre ut med stillnga 2-3. Underteikna fekk ikkje sett denne kampen, men me fekk heilt «objektive» rapportar på telefon frå G14 spelerar på sidelinja. Desse gjekk ut på at det var ein svært spennande og jamspelt kamp som like gjerne kunne gått i Suldal sin favør.

Under kan du sjå litt av det me opplevde:

IMG_0121

Overnattinga er halve sjarmen…

IMG_0118

….men dei fleste savnar nok maten heime….

IMG_0125

…taktikk er viktig…..

DSC_0167

….det gjeld bare å huske kva trenaren sa…..

DSC_0169

….ballen skulle inn i mål ja…..

DSC_0171

…da blir me glad…

DSC_0195

…. oppvarming er og viktig….

DSC_0192

…spesiellt når man er komen til A sluttspel i Danacup….

DSC_0200

…og skal møte Gjokova KF frå Kosovo…..

DSC_0215

…me jobba som heltar og ga oss ikkje, men dei var gode….

DSC_0269

….. for G 16 går det bedre……

DSC_0239

…. i 16 dels finalen mot Elverum dominerer vi spelet….

DSC_0257

….vi får til og med ballen i mål, belønninga er at vi må opp kl. 05.45 for å rekke 8-delsfinalen….

DSC_0244

…vondt å knekke kragebein, da er det godt at damene trøstar… nokon som vet om ein ledig keeper til hausten?