fgi
Det har vore ei veke med god temperatur og flott vær i Stavanger desse dagane i august. Fredag 21 august var ikkje noko unntak frå dette og oppgjeret mellom Forus og Gausel 2 (FGI) og Suldal var nok ein varm affære for aktørane på den grøne kunstgrasmatta. Det var den første kampen i hustsesongen og Suldal skulle vise seg frå ei langt betre side enn det underteikna har sett tidlegare i år.

Suldal sin eldste spelar i dag var Sveinung som hadde ein grei kamp i mål og virka rutinert i sine avgjersler gjennom heile kampen. På høgre back starta Mikkel, som etterkvart vart erstatta av Tom. Begge unggutane står til godkjent også denne kampen. I midtforsvar danna Sven og Isak ein solid duo, der yngstemann viste at han mestrar denne oppgåva strålande. Isak hadde ein god kamp saman med ein solid stopparmakker. På venstre back starta Hallvard og gjorde ein kanonjobb i ei rolle som var ukjent for han. Sentralt på midten hadde Morten vore lur og laga ein trio av Jone, Tim og Johannes. For underteikna har dette tidlegare i sesongen vore ein lagdel som ikkje heilt har fungert. I denne kampen fungerte det mykje betre. Flott jobbing både heimover og framover. Jone fekk og to mål i denne kampen før han måtte ut med ein liten strekk. Erstattaren til Jone gjorde seg heller ikkje bort. Ein fin kamp av Ørjan. På vingane jobba Ingve og Christian steinhardt gjennom heile kampen og det vart, spesielt i første omgang skapa ein del sjansar frå kant. Noko som også har vore sjelden vare denne sesongen. På topp jobba Espen føtene av seg og gjorde ein strålande jobb før krampa tok han.

Alt i alt ein grei kamp av Suldal denne gongen sjøl om me mista ein 2-0 ledelse. Ein del byte ut og inn, samt ein del rokkeringar på laget etterkvart må nok ta litt av skylda for at FGI kom inn igjen i kampen. Likevel er det kjekt å skrive referat denne gongen, for her er det mykje positivt å ta med seg til neste kamp. Laurdag 28 august kjem Hjelmeland til Prestvikjo for å måle krefter. Kampen startar klokka 14.30

Mål/målgjevande
Jone
Jone/Ingve

Laget: Sveinung-Mikkel, Isak,Sven, Hallvard-Ingve,Tim,Johannes,Jone, Christian-Espen
Benken der begge fekk mykje speletid: Ørjan og Tom