Hundvåg

Etter eit knapt tap for Hjelmeland i lokaloppgjeret, gjekk a-laget på ein skikkeleg smell borte mot Hundvåg 2.

Laget frå byøyane knivar om divisjonssiger, så det var venta tøff motstand. Når ein i tillegg får mange fråfall og har mista fleire krumptappar i laget til andre lag i sommar, så gjekk det den vegen høna sparkar.

Det var nok ikkje berre kjekt for Arne Vatland i ein alder av 39 år å debutere for Suldal i denne kampen, men han skal ha stor takk og honnør for å stille opp som målmann i ein kinkig situasjon. Tapet ligg på ingen måte på hans kappe. Arne har stått mange år i mål for bylag tidlegare i karriera si, nå er han med som keepertrenar i Suldal, både på a-laget og i aldersbestemte lag.

Fakta:

Suldal sitt mål vart skåra av Hallvard Erfjord.

Spelartropp: Arne Vatland, Isak Berge Espe, Sven Kolstø, Nils Arne Moe, Tommy Espe, Tom Wærnes, Johannes Wigestrand, Ingve Berge, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Peterson Tijhus, Tim Sparcholz, Espen Josdal.