paradisHaustsesongen har starta svart for a-laget vårt, det tredje tapet på rad kom mot Paradis.

Til liks med sist helgs motstandar, Hundvåg 2, kjempar også Paradis om divisjonssigeren. Desse to laga ligg nå høvevis på 2. og 1. plass på tabellen. Det har derfor vore i overkant tøff motstand Suldal. Me får håpe at ein kan snu denne negative trenden snart, men det blir ikkje lett i neste kamp heller. Då møter me Madla 2 som ligg på 3. plass på bortebane. Ein må ta samling i botn då, før ein i siste kamp tek imot botnlaget Siddis 2.

To kampar igjen, folkens. Bånn gass!

Suldal sin spelartropp mot Paradis: Inge Hjorteland, Isak Berge Espe, Sven Kolstø, Mikkel Wigestrand, Tommy Espe, Johannes Wigestrand, Tim Spachholz, Ingve Berge, Jone Utbjoa, Christian Smithson, Erik Vaage, Lars Lavalette, Ørjan Underbakke, Sindre Lorentzen