Peterson Tijhus er debutant i år.

Peterson Tijhus er debutant i år.

Også i år har nye kostar sluppe til på a-laget.

I år er det tre eller fire spelar som har ikledd seg den gule og svarte trøya til Suldal IL for første gong på seniornivå, alle frå Sand. Brødreparet Glenn og Marius Søraas, samt Peterson Tijhus er debutantar i 2015. Me tenkte og at Arne Vatland var debutant, han meiner i alle fall det sjølv. Me stolar nok kanskje best på Arne sitt minne, men me har nå merka han av som spelar for Suldal i ein gong på 90-talet.

Uansett: Kjekt med nye spelarar, om dei er unge eller modne!

PS: I fjor glapp det for bokføraren, og debutantane då vart ikkje nemnd. Her er dei:

Debutantar 2014:

Torjus Steine, Patrick Weerstand, Gjermund S. Halgunset, Erik Vaage, Tom F. Wærnes, Sindre Lorentzen, Jone Gjertsen, Vidar Jørgensen, Sven Kolstø, Ole Thomas Hauge og Inge Hjorteland.