Tor Olav Berge er framleis på topp på adelskalenderen frå og med 2009.

Tor Olav Berge er framleis på topp på adelskalenderen frå og med 2009.

Adelskalenderen for a-laget frå og med sesongen 2009 er talt opp, og det er framleis Tor Olav Berge som toppar med 90 kampar.

Men hakk i høl føl litlebror Ingve, nå med 88 kampar. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det blir tronskifte i familien neste sesong…

På tredje og fjerde plass kjem det og eit par som bør ha ein del sesongar til i beina; Jone Utbjoa har 80 kampar og Ørjan Underbakke har 75. Kven blir førstemann til 100 kampar frå og med 2009?

Frå og med 2009 har 87 spelarar spelt kampar for Suldal sitt førstelag på seniornivå. Full oversikt får de her, samt ved å følgje lenkja i menyen til venstre. Nytt av året er og at de kan få oversikt over kampar frå sesong til sesong. Denne lenkja finn de og ved å følgje nemnde lenkje.