Isak Berge Espe til venstre vart årets unge spelar. Onkel Inge Berge i midten  var ein av tre vinnarar av årets spelar. Ingvar Halgunset til høgre spelar ikkje i Suldal lenger, men i Vidar.

Isak Berge Espe til venstre vart årets unge spelar. Onkel Inge Berge i midten var ein av tre vinnarar av årets spelar. Ingvar Halgunset til høgre spelar ikkje i Suldal lenger, men i Vidar.

Laurdag hadde a-laget avslutning for sesongen i Vikane.

Her vart me utover kvelden omlag 20 mann i godt lag. Kvelden starta med badstu, stamp og lauging i vatnet. Her var det berre veteranane som stilte. Seks mann, med tilsaman seks kampar for a-laget i år, var nå likevel nok til at vatnet rann over i stampen!

Etter kvart kom folk sigande, og til middag var det 16 mann til bords. Her serverte Nils nydeleg fårikål, og eplekaka med is til dessert.

I ei slik stund, har me og eit offisielt program. Den årvisse quizen var i år erstatta av ein spontan, munnleg spørjerunde der den som visste svaret først måtte rope namnet sitt før ein fekk svare. Det var tydelegvis vanskelegare for enkelte å hugse på namnet sitt enn å komme fram til rett svar.

Dei fleste her er over the top på banen, men viser dugleik i stampen.

Dei fleste her er over the top på banen, men viser dugleik i stampen.

Så var det tid for kåringar. Trenar Morten Jelsa haldt ein tale der han la til grunn at me er svært avhengige av at folk prioriterer, og er flinke til å stille opp både på trening og kamp. Utfrå dette, ønska han å dele årets spelar-prisen på tre spelarar: Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa og Ingve Berge. Desse stiller opp på omlag kvar trening og kamp. Vel unt pris til alle tre!

Av mange unge spelarar på laget i år, var det ein som utmerka seg litt meir enn andre og har spelt heile ti kampar i år. Det er midtstopparen Isak Berge Espe. Me håpar me får mykje glede av han i åra framover. Gratulerer!

Det plar og å vere markering av dei som har runda 50 kampar for Suldal sitt a-lag (11’er-lag) i sesongen som har gått. I fjor fekk me ikkje markert jubilanten; Christer Hansen runda det magiske talet og kan vente seg ei påskjønning frå leiaren i fotballgruppa. I år var det Hallvard Erfjord som passerte eit halvt hundre kampar. Takk for god innsats, og me håpar det blir meir.

Oppmann og referent Tor Olav Berge var ikkje til stades, men han vart tildelt ei merksemd, samt trenar Morten Jelsa og assistent/statistikkførar/referent Jon Bråtveit.

Utan leiar i fotballgruppa Svein Øystein Berge, er det spørs om me hadde hatt noko fotballsesong å avslutte...?

Utan leiar i fotballgruppa Svein Øystein Berge, er det spørs om me hadde hatt noko fotballsesong å avslutte…?

Sist, men absolutt ikkje minst, er det ein som utan tvil må få mykje heider og ære nå når nok ein sesong går mot slutten. Leiaren for fotballgruppa, Svein Øystein Berge, gjer ein framifrå og uvurderleg jobb for fotballen i Suldal. Utan han er det ikkje godt å seie kva aktivitet som hadde vore i Prestavikjo. Han har ein finger med i det meste: Leiar, dommar, materialforvaltar, målmann, organisator og støttespelar for alle som har noko med fotballgruppa å gjere, ikkje berre på seniornivå, men minst like mykje i aldersbestemt fotball. Er det noko me treng eller ønskjer, så stiller han opp både med tid, pengar, utstyr og gode råd. Me er heldige som har Svein Øystein!