Suldal 2 anno 2012. Ein del utskiftningar er det frå dette bilde, men dette er den mest passande illustrasjonen me har.

Suldal 2 anno 2012. Berre Audun Hilde og Tore M. Steine er igjen, men dette er den mest passande illustrasjonen me har.

Bylaget vårt i seniorfotballen, Suldal 2 har ein kamp igjen av sesongen sin, og lagleiar Tor Olav Berge sender rapport:

Seniorfotballen i Suldal har mange utfordringar, men det er mulighetene for å trene saman som oftast vert trukken fram som syndaren til dårlige resultat. I Suldal er det ein god gjeng på trening, som også utgjer kjernen til A-laget, mens me i Stavanger har nokre som bidrar til Suldal sine beste menn, mens andre bidreg med spel på Suldal 2, 7 er laget.

På Suldal 2 har me ein fing gjeng som trenar og spelar saman på tysdagar og torsdagar. Treningsoppmøtet har som i Suldal vore litt av og på. Me har vore oppi seksten karar på trening, men det har også blitt ein del avlysning på grunn av dårleg oppmøte. Ein gong i veka møter me lag frå regionen rundt Stavanger til flomlyskampar, noko som er svært populært. Utan å var heilt sikker, så vil underteikna tru at om lag 20 spelerar har vore i aksjon for oss dette året, men me har ein kjerne som har vore med stort sett alle kampane.

Resultatmessig har det vore litt opp og ned. Me starta sesongen med eit hederleg 2-1 tap på Lassa mot puljefavoritt Vidar 3. Veka etter spela me mot det som nå ser ut som vinnaren av pulja, Øyane på Humpen på Buøy og vann med sterke 5-4. Dette var to resultat som me var ganske nøgd med, men veka etter følte me oss litt snytt då Kåsen 2 klarte å krangle med seg 4-4 etter ei diskutabel straffe på overtid. Denne kampen vart spela på flotte Kåsen stadion. Første storseier kom mot Muskel 2 i Sandnes. Tore Søraas, som og hadde putta mål i dei to førre kampane gav seg ikkje før han hadde putta åtte mål i det som vart ein grei 10-3 seier. Etter denne seieren fekk me ein liten nedgong med fleire strake tap mot Randaberg 3, Sandnes Ulf 3 og Sokndal. Når det og viste seg at Muskel 2 trakk laget sitt i løpet av sesongen vart me ståande med fire poeng etter vårsesongen.

Haustsesongen starta som vårsesongen slutta. Mot Øyne vart det eit kjedeleg 5-3 tap, mens Vidar 3 knuste oss 14-2 i ein kamp der me ikkje hang med i det heile. Dei tre siste kampane har me likevel reist oss mesterleg og banka inn 9 poeng av 9 mulige. Den beste kampen for sesongen hadde me då me slo Sandnes Ulf 3 med 5-2 i ein kamp der me verkeleg viste kor gode me kan vera. Veka etter slo me Kåsen 2 med 6-4 i ein kamp der suldølen ville spele ball, mens jærbuane ville sloss og lage kvalm. Sesongens nest siste kamp mot Randaberg 3 enda i ein flott 10-3 seier før me neste laurdag (10 okt) skal møte Sokndal 2.

Alt i alt ein grei sesong der me i nokre kampar har vore bra, mens i andre kampar har vore mindre gode. Likevel har me ein plan på korleis me skal utvikle oss til å bli betre i denne kjekke måten å spele fotball på. 7’er-fotball er blitt svært populært og me ser at fleire lag kan mønstre mannskap som lett kunne spelt 3 divisjon. Me i Suldal 2 vil i likhet med A-laget jobba med å bli bedre som lag, men og på trening slik at begge laga får godt utbytte neste sesong.

Dei som har representert Suldal 2 denne sesongen er:

Tore Søraas Tor Olav Berge Ingve Berge Isak Espe Eirik Hauge
Lasse R Hansen Svein Egil T Holmestd Espen Andersen Audun Hilde Erik Vaage
Johannes Wigestrand Hallvard Erfjord Torstein Erfjord Ole Thomas Hauge Thomas Alveskjær
Jone Gjertsen Sigvart Vårvik John Herman Aas Tore M Steine Rene Adjemi