IMG_0963[1]Tysdag den 27. oktober møtte langrennsløpere frå heile Ryfylke opp på rulleskirennet på Postvegen på Sand. Rulleskiløpet er eit sonerenn for den nordligste delen av Agder og Rogaland skikrets og blei arrangert av Suldal IL Ski med Stig Morten Nerheim som primus motor. Han hadde fått ordna det slik at den flotte strekninga frå Laksestudioet, forbi Høse bru og til Tjelmane bru var stengt for trafikk denne tysdagskvelden.

 

Og for ein kveld det blei! Med fullmåne, klar og kjølig haustluft, og mange unge vordende langrennsløparar på startstreken. Heile 24 utøvarar frå 10 til 16 år gjekk så gnistane fauk då stavane small i asfalten, og rulleskia sang i fin stil gjennom løypa. Det er imponerande å sjå teknikken desse unge utøvarane har klart å få til trass for ung alder.

 

Mange tette oppgjer i dei ulike aldersklassane
Dei yngste deltakarane på 10 og 11 år gjekk ei runde, fram og tilbake denne kvelden. Løypa målte 1,7 km og svært mange av løparane gjekk løypa på under 6 minutt. Hjelmelandsløparen Hedda Opedal Viga var til slutt raskast i løypa på 5,32, med Åsne Kristensen Hoftun frå arrangørklubben berre 4 sekund bak. På 3. plass kom Sigrid Benninghoff frå Suldal IL, berre få sekunder bak. Det kjekkaste er likevel at dette var største klassen, og den innsatsen dei yngste viste denne kvelden.

 

I 7. og 8. klasse var Sindre Vik frå Suldal raskast på ei svært god tid på 2 rundar. Han gjekk på 9,32 på den 3,4 km lange løypa. Men, Vindafjordløparen Aurora Aarekol var ikkje langt bak. Ho har tatt eit godt steg i år, og det er sterkt og gå under 10 minutt på denne distansen. Ane Hjørungdal Vika frå Hjelmeland kapra 3. plassen. Det er ikkje så vanleg at gutar og jenter konkurrerer i lag i langrenn, men det går heilt fint i dei yngre årsklassane, der jentene like ofte går raskare enn gutane.

 

I 15 og 16 års klassen byrjar skilnaden mellom gutar og jenter å bli større. Utøvarane i denne klassa gjekk 3 rundar og ein distanse på 5,1 km. Det er same distanse senior damer går i mellom anna NM stafett på ski. Her var det oppskriftsmessig Håvard Djuve frå Sauda IL, som går i 16 års klassa, som vann vel eit minutt føre nestemann i løypa. Men mellom 2., 3. og 5. plassen var det svært tett. Her kniva 15 års jentene seg i mellom. I mål kapra Ingeborg Kristensen Hoftun frå Suldal IL 2. plassen, berre 2 sekund føre Vindafjordløparen Ragnhild Aarekol. Vårin Grammletvedt frå Hjelmeland IL var berre 12 sekunder bak Ragnhild igjen, og blei nr 5 totalt. Olai Rasmussen frå Sauda IL kilte seg mellom og vart nr 4 i løypa.

 

Suldals-siger i senior klassen
4 senior løparar stilte også opp denne kvelden. Dei gjekk 4 rundar og 6,8 km. Sigeren gjekk til Øyvind Røgenes frå Suldal IL, tett følgt av Ole Martin Øverland frå Sauda. Men, Øyvind brukte klassisk rulleski og staka seg gjennom alle 4 rundane. God trening til langløpa som kjem til vinteren.

 

Fullstendig resultatliste for kvelden:

Senior: 6,8 km
1 Øyvind Røgenes Suldal IL 00:16:31
2 Ola Martin Øverland Sauda IL 00:16:36
3 Terje Aarekol Vindafjord IL 00:18:21
4 Johannes Soppeland Hjelmeland IL 00:22:02

9.-10. klasse + jr.: 5,1km
1 Håvard Djuve Sauda IL 00:13:02
2 Ingeborg K. Hoftun Suldal IL 00:14:17
3 Ragnhild Aarekol Vindafjord IL 00:14:19
4 Olai Rasmussen Sauda IL 00:14:23
5 Vårin Grammeltvedt Hjelmeland IL 00:14:31
6 Thomas Oxaal Sauda IL 00:14:45
7 Mathilde Nerheim Suldal IL 00:15:24

7.-8. klasse: 3,4 km
1 Sindre Vik Suldal IL 00:09:32
2 Aurora Aarekol Vindafjord IL 00:09:52
3 Ane Hjørungdal Vika Hjelmeland IL 00:10:15
4 Karen Malena Kyllesø Hjelmeland IL 00:10:27
5 Elisa Lyng Sandvik Hjelmeland IL 00:10:40
6 Solunn Grammeltvedt Hjelmeland IL 00:10:54
7 Jone Bjerga Øverland Sauda IL 00:11:15
8 Helle Benninghof Suldal IL 00:13:30

5.-6. klasse: 1,7 km
1 Hedda Oppdal Viga Hjelmeland IL 00:05:32
2 Åsne K. Hoftun Suldal IL 00:05:36
3 Sigrid Benninghof Suldal IL 00:05:42
4 Tage Aarekol Vindafjord IL 00:05:46
5 Malli Soppeland Hjelmeland IL 00:05:56
6 Kaja Hetlelid Hjelmeland IL 00:05:57
7 Maria Lunde Suldal IL 00:06:19
8 Marie Hjørungdal Vika Hjelmeland IL 00:06:27
9 Iver Bjerga Øverland Sauda IL 00:07:10