Ingvald blir manager for Man. United i 2046. Foto: vaulen.com

Ingvald blir manager for Man. United i 2049. Foto: vaulen.com

VGtv kan i dag melde at tidlegare spelar for Suldal, erfjordbuen Ingvald Sandvik Halgunset, blir manager for Manchester United!

Dette skal visstnok ikkje skje før i år 2049, men det er nok berre i den virituelle verda at denne nyhenda kan bekreftast. VGtv har nemleg spelt seg inn i framtida med dataspelet Football Manager, og der dukka Ingvald opp som manager for verdas beste fotball-lag. Ingvald spelar til vanleg for FK Vidar i 2. divisjon, og det er nok frå den databasen namnet hans har komme. VGtv gjer i denne snutten eit intervju med midtbaneeleganten, det er eit fornøyeleg innslag.