Det vart ei tøff batalje i Vikjo denne laurdagen. Då er det spesielt deileg å dra i land tre img_0164poeng.

Sviland vart første motstandar på heimebane denne sesongen, etter som Brodd 2 ikkje fann vegen inn fjordane tidlegare i vår. Sviland visste me ville bli tøff motstand, for dei slo Midtbygden sist runde.

Speleveret var slik me likar det i Suldal, i alle fall på Osen likar me blaut bane, regn og sorpe, og i  suldalsvêr er det ingen som skal slå oss.

Første kvarteret var det nokre små sjansar til begge lag, men det var ingen av laga som fekk tak i kampen før Sviland kom på ein overang der Suldal ikkje var heilt i balanse. Vingen til Sviland slo inn ein ball i feltet som heimelaget skulle ha greidd å klarert før den nådde målskåraren til Sviland på bakre stolpe. Han fekk stå heilt åleine og breiside den sjanselaust forbi Erik W. Vold i mål. Så var me der me plar vere, eit mål bak og jagande ei utlikning.

Erik, som stod godt, skal ta eit av sine lange målspark.

Erik, som stod godt, skal ta eit av sine lange målspark.

Suldal kom også i dag litt seint i gang med spelet. Sjølv om det er god innsats frå start, så blir det lite ro. Etter at bortelaget gjekk opp i leiing, og ei lita taktisk omleggjing av formasjonen då Øyvind Gjuvsland måtte ut med skade, sat kombinasjonsspelet noko betre, og det var Suldal som førte siste del av første omgang.

I pausen var me einige om at me var på rett veg. Sviland var farlege på kontring, spesielt etter hjørnespark til Suldal. Då sto dei igjen med fire spelarar på midtlina for å tvinge motstandaren til å liggje igjen med mange. Dette var eit nytt trekk, men det vart  ikkje farlege situasjonar ut av dette etter kvilen.

img_0162Andre omgang var det heimelaget som tok tak i. Mange gode overgangar og angrep med fleire trekk. Spesielt spelte venstresida med Robert Sjøholt, Øystein Nærheim og Bjørn M. Steine godt saman i denne perioden. Sjølvsagt med god støtte frå resten av ein aggresiv midtbane med Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås og Rene Adjemi. Så aggresivt vart det at det etter kvart kom nokre gule kort pga. taklingar og svar på knuffing frå ein noko overtent bortekeeper. Dessverre enda dette med to gule kort og utvisning på Odd Åsgeir mot slutten av kampen.

Nemnde Odd Åsgeir var arkitekten bak utlikninga. I medvinden tok han hjørnespark frå venste. Den skrudde han slik at den traff bakre stolpe. Returen sette Tore sikkert i mål. Det var litt diskusjon i garderoben om Odd Åsgeir slo den direkte i mål. Tore hevda hardnakka at det var hans mål.  Til slutt stod Tor Arne Sigstad fram og vitna til Tore sin fordel.

Suldal heldt fram med godt spel og skapte sjansar. Vegard Aas hadde med anna ein kjempesjanse rett før han gjekk av banen, men den strauk stolpen. Geir Bjarte Hoftun kom så inn og var med på å snu kampen med eit av sine vidgjetne innkast. Prosjektilet av ein ball sette Tor Arne hovudet på (om ikkje det har skjedd før, tru?) og keeper redda. Returen sette Tor Arne sjølv i nettaket og heimelaget gjekk fortent opp i leiinga då det stod ca ti minutt igjen.

Øystein er sporty og tek med seg ballen til midten etter at han har skåra!

Øystein er sporty og tek med seg ballen til midten etter at han har skåra!

Resten av kampen vart ein knallhard kamp for å stå imot presset frå Sviland. Dei jobba for ei utlikning, og traff med anna tverrliggaren. På overtid fekk bortelaget hjørnespark. Dei sendte sjølvsagt alt dei hadde fram, inkludert målvakta. Då Tore så fekk ballen og klarerte, kunne Øystein i einsam majestet føre ballen i eit tomt mål.

Suldal kunne fort enda opp med uavgjort i denne kampen, og hadde dei vore rektig uheldige kunne Sviland vunne. Ballen traff nok handa til suldalsforsvararane i feltet eit par gonger. Dei hadde nokre halvsjansar på kontringar og ballen i treverket, men alt i alt må ein vel seie at det var fortent at poenga vart varande i bygda. Dermed viser resultata etter tre-fire serierundar at dei fleste kan ta poeng frå kvarandre. Når Suldal får poenga sine frå den avlyste Brodd 2-kampen, så står dei med 9 poeng etter fire kampar. Det er absolutt godkjent.

Neste helg ventar bortekamp mot Oltedal.

Fakta::

Mål:

15 min: 0-1

60 min: 1-1 Tore Sørås

80 min: 2-1 Tor Arne Sigstad

90 min: 3-1 Øystein Nærheim

Kort:

Gule: Vegard Aas, Øystein Nærheim, Geir Bjarte Hoftun, Tor Arne Sigstad + to på Sviland.

Raudt: Odd Åsgeir Lunde (2 gule)

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Sørås

2 poeng: Øystein Nærheim

1 poeng: Rene Adjemi

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Øyvind Gjuvsland, Robert Sjøholt – Rune Andre Laugaland – Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rene Adjemi – Geir Bjarte Hoftun, Vegard Aas

Innbyttarar: Bjørn M. Steine,  Øystein Nærheim, Torstein Erfjord, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim