Øystein, Ingvald og Gjermund takla forventningspresset og vann Nyttårsturneringa 2015.

Øystein, Ingvald og Gjermund takla forventningspresset og vann Nyttårsturneringa 2015.

Litle nyttårsaftan, altså 30. desember var det klart for Nyttårsturneringa 2015.

I år som i fjor vart det til slutt ti lag, og med tre på kvart lag skulle det bli 30 spelarar i år og. Det er kjekt at me blir så mange at det blir ei skikkeleg turnering. Når ein tel opp at det berre var 16 av desse som spelte i fjor, så ser ein at potensialet er større for denne romjulstradisjonen.

Neri og Svein Øystein stod som før bak trekninga av lag, og opp av hatten kom det mange jamne konstelasjonar. Gruppe 1 må vere den mest jamnspelte gruppa på mange år. I den andre gruppa var det derimot eit lag som skilde seg ut som storfavoritt då lagtrekninga vart offentleggjort. Oddsen på at lag 9 skulle stikke av med sigeren vart fort ganske låg. Eit lag med Øystein Nærheim (Djerv 1919) og brødrene Ingvald og Gjermund Sandvik Halgunset (begge FK Vidar) burde tåle eit favorittstempel.

Gruppespelet kom i gong litt over kl 18, og den eine kampen følgde den andre. Oppgjera vart godt leia av dommarane Arne Vatland og Svein Øystein Berge, mens Jon Bråtveit haldt orden på klokka og resultata. Gruppe 1 viste seg å verte svært jamn, og då siste kampen i gruppavart spelt, var det tre lag som kjempa om andreplass og retten til å følgje lag 1 (Espen Josdal, Thomas Jelsa, Sindre M. Steine) inn i sluttspelet. Gjennom dei sju minutta kampen varte, veksla det fleire gonger på kven som stod som nummer to. Til slutt var det lag 5 (Tom F. Wærnes, Tommy Espe, Bjørn M. Steine) som slo følgje med lag 1 til semifinalane. Eit lag fekk sju poeng, tre lag hadde seks poeng, og eit lag stod med fire poeng. Ingen av laga hadde meir enn +/-1 i målforskjell.

I gruppe 2 vart det mindre jamnt. To lag skilde seg tidleg ut og var tidleg klare for semifinale. Lag 6 (Sven Kolstø, Lars T. Lavalette, Nils Arne Moe) og tidlegare nemnde lag 9 stod med full pott før det som blei gruppefinalen. Her drog lag 9 det lengste strået i ein målrik 4-3-kamp og vart dermed puljevinnarar.

Lag 9 tok seg lett til finale etter 5-0 mot lag 5, mens lag 1 måtte slite meir for å få det avgjerande 1-0-målet i den andre semifinalen. I bronsefinalen vart det 2-1 til lag 5 mot lag 6, og så var det klart for finale.

Storfavorittane på lag 9 fekk ein kalddusj tidleg i kampen då Thomas putta ballen i mål frå omlag eigen målgard. Taktikken etter dette var tydelegvis å ligge i forsvar og spele på dette resultatet kampen ut. Men det vart nok ikkje så lett gjennom 2 x 5 minutt med kjappe pasningar og raske løp frå motstandarane. Utlikninga var eit faktum før pause, og då andre omgang var slutt, stod det 3-1 til laget med favorittstempelet etter to mål av Ingvald og eitt av Øystein.

Litt synd for arrangørklubben Suldal IL at berre ein av spelarane i finalen er å finne i dagens a-tropp, men me gratulerer Øystein, Ingvald og Gjermund med sigeren, og vel møtt til neste år!

1. plass:

Øystein Nærheim
Ingvald Sandvik Halgunset
Gjermund Sandvik Halgunset

2. plass:

Sindre Madland Steine
Espen Josdal
Thomas Jelsa

3. plass:

Tom Fisketjøn Wærnes
Bjørn Madland Steine
Tommy Espe

4. plass:

Sven Kolstø
Lars Tveit Lavalette
Nils Arne Moe

Lag og resultat under.

Lag 1 Lag 1
Sindre Madland Steine
Espen Josdal
Thomas Jelsa
Lag 2 Lag 2
Isak Berge Espe
Dagfinn Nesbø Havrevoll
Mikkel Wigestrand
Lag 3 Lag 3
Peterson Tijhus
Ingve Berge
Ådne Nærheim
Lag 4 Lag 4
André Vatland
Morten Jelsa
Hallvard Erfjord
Lag 5 Lag 5
Tom Fisketjøn Wærnes
Bjørn Madland Steine
Tommy Espe
Lag 6 Lag 6
Sven Kolstø
Lars Tveit Lavalette
Nils Arne Moe
Lag 7 Lag 7
Erik Våge
Knut Nærheim
Johannes Wigestrand
Lag 8 Lag 8
Neri Fisketjøn
Øyvind Gjuvsland
Simmen Bratland
Lag 9 Lag 9
Øystein Nærheim
Ingvald Sandvik Halgunset
Gjermund Sandvik Halgunset
Lag 10 Lag 10
Torjus Steine
Ørjan Underbakke
Rune Andre Laugaland

 

Gruppe 1 Vunne Uavgjort Tap Målforskjell Poeng
Lag 1 2 1 1 6-5 7
Lag 5 2 0 2 6-5 6
Lag 4 2 0 2 6-6 6
Lag 2 2 0 2 5-6 6
Lag 3 1 1 2 4-3 4
Gruppe 2 Vunne Uavgjort Tap Målforskjell Poeng
Lag 9 4 0 0 14-4 12
Lag 6 3 0 1 9-5 9
Lag 8 2 0 2 8-8 6
Lag 10 1 0 3 6-8 3
Lag 7 0 0 4 2-14 0
Semifinale 1
Lag 1 Lag 6
1 0
Semifinale 2
Lag 9 Lag 5
5 0
Bronsefinale
Lag 6 Lag 5
1 2
Finale
Lag 1 Lag 9
1 3